Hjem
Studentsider
Masteremne

Kvalitative forskningsmetodar- og tradisjonar

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi studentane inngåande kunnskap om kvalitative forskingsmetodar og tradisjonar, deira bruk og metodologiske- og forskingsetiske fundament. Emnet skal bidra til utvikling av ei analytisk haldning og sjølvstende i skriftleg arbeid med tanke på bruk av kunnskap om metodologi, metode, metodebruk og forskingsetikk.

Innhald:

Emnet dekkjer ulike typar kvalitative forskingsmetodar, deira teoretisk-metodologiske fundament og praktiske framgangsmåtar, med særskilt vekt på forsking i helsefaga. Emnet gir innsikt i samanheng mellom forskingsspørsmål og val av metodisk tilnærming og i forholdet mellom teori og empiri. Det vert og lagt vekt på vesentlege aspekt knytt til gyldigheitsspørsmål i kvalitativ forsking som truverd, relevans, refleksivitet og overførbarheit. Kunnskap om normer for vitskapleg virke og forskingsetikk vert anvendt i planlegging av prosjekt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har:

  • inngåande kunnskap om ulike kvalitative forskingsmetodiske tilnærmingar
  • grunnleggande kunnskap om ulike tradisjonar kvalitativ forsking i helsefaga har sine røter i
  • inngåande kunnskap om forholdet mellom forskingstradisjonane sine metodologisk-teoretiske fundament, type kunnskap ein spør etter og val av metodiske framgangsmåtar i produksjon og analyse av eit forskingsmateriale
  • grunnleggande kunnskap om analyse av ulike typar kvalitativt forskingsmateriale
  • inngåande kunnskap om gyldigheitskriterier i kvalitativ forsking
  • grunnleggande kunnskap om normer for vitskapleg virke og forskingsetikk

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • orientere seg om tidlegare forsking i eit problemfelt og utvikle forskbare problemstillingar med utgangspunkt i eksisterande kunnskap i feltet
  • planlegge og gjennomføre ulike typar kvalitative intervju, observasjon og kjeldegransking
  • utforme og grunngje forskingsdesign og metodologisk tilknyting i konkrete forskingsprosjekt
  • grunngje val av teori i konkrete forskingsprosjekt
  • anvende kunnskap om normer for vitskapleg virke og forskingsetikk i utvikling av konkrete prosjekt

 

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • vise sjølvstende i bruk av sine kunnskapar om metodologi og metodiske framgangsmåtar i planlegging av kvalitative forskingsprosjekt
  • vise evne til kritisk refleksjon over eiga rolle og posisjon som forskar i kunnskaps-produksjonen
  • vise evne til kritisk refleksjon over forholdet mellom tradisjonstilknyting og type kunnskap ein spør etter
  • vise evne til kritisk refleksjon over forholdet mellom teori og empiri i kvalitative forskingsprosjekt
  • vise evne til kritisk refleksjon over gyldigheitsspørsmål i kvalitative forskingsprosjekt
  • vise evne til kritisk refleksjon over etiske problemstillingar i kvalitative forskingsprosjekt

Krav til forkunnskapar

Gjennomført:

Emna HELSAM302 - Forskingsmetode og HELSAM303 - Vitskapsteori og etikk (Obligatoriske fellesemne)

Krav til studierett

Studentar ved Masterprogram helse og samfunn

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert nytta studentaktive arbeids- og undervisningsformer, som:

  • Førelesingar med studentførebuande og studentaktiviserande element
  • Seminar knytt til obligatoriske, individuelle oppgåver
  • Gruppearbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på obligatoriske seminar med munnlege presentasjonar og tilbakemelding. Obligatorisk deltaking i gruppearbeid.

Gi skriftleg tilbakemelding til medstudent på obligatorisk forskingsdesignoppgåve på nett (Mitt UiB) og på seminar.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Individuell skriftleg oppgåve

Karakterskala

Karakterskala A til F, der A er beste karakter og F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering med emnerapport til studiekvalitetsbasen kvar 2. gong (4. år).

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

studie@igs.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    20.04.2021, 14:00
    Trekkfrist
    01.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen