Hjem
Utdanning
Masteremne

Samfunnsvitskaplege - og humanistiske perspektiv på kropp, sjukdom, helse og helsevesen, del 1

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål

I emnet skal studenten tilegne seg grunnleggande kunnskap om eit antropologisk-, praxeologisk-, fenomenologisk- og eit bioetisk perspektiv. Emnet skal vidare vise at ulikt teoretisk utgangspunkt har tyding for spørsmål som vert stilte, val av forskingstilnærming og kva kunnskap som kommer ut av forskinga. Illustrerande døme vert henta frå forskingsfelt i eige fagområde/helsefaga.

Innhald

Lesing av grunnvitskaplege tekstar frå dei ulike utvalde filosofiske-, forskings- og teoritradisjonane blir fulgt av vitskapsteoretisk - og metodologisk refleksjon relatert til konkrete forskingsfelt og studiar i eige fagområde/ helsefaga. Utlegging av og kritisk refleksjon over relevansen av sentrale omgrep og teoriar i empirisk forsking i eige fagfelt/helsefaga vert vektlagt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

KUNNSKAPER

Studenten har:

  • grunnleggande kjennskap til sentrale omgrep og teoriar i eit antropologisk-, praxeologisk-, fenomenologisk- og eit bioetisk perspektiv
  • innsikt i korleis ulike studier sitt teoretiske utgangspunkt/perspektiv genererer ulike typar kunnskap om empiriske felt/forskingsfelt i eige fagområde/ helsefaga

FERDIGHEITER

Studenten kan:

  • kritisk diskutere kunnskapsteoretiske føringar innan dei ulike teoritradisjonane
  • reflektere kritisk over korleis ulike teoretiske utgangspunkt gir ulik kunnskap

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i helsefag eller tilsvarende

Krav til studierett

Studentar ved Masterprogram i helse og samfunn

Arbeids- og undervisningsformer

Studentaktiviserande undervisings- og arbeidsformer vert nytta:

  • Førelesningar med studentførebuande/student-aktiviserande element
  • Seminar med munnlege framlegg og diskusjon
  • Seminar i grupper knytt til obligatoriske oppgåver, munnleg framlegg og tilbakemelding/diskusjon
  • Sjølvstudium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar med munnlege framlegg av grunntekstar, vitskaplege artiklar og empiriske case.

Seminar knytt til obligatoriske oppgåver.

Vurderingsformer

Individuelle essay knytt til dei 4 teoretiske grunnperspektiva

Karakterskala

Bestått/ikkje-bestått

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet evaluerast ved kvar gjennomføring munnleg og skriftleg, og med evalueringsrapport i kvalitetsportalen kvart 4. år.

Programansvarleg

Programutval for hesefag har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Målfrid Råheim

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

 Studie@igs.uib.no

Studie@igs.uib.no

Tlf 55 58 61 00

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    22.11.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    06.12.2019, 14:00
    Trekkfrist
    01.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen