Hjem
Utdanning
Masteremne

Samfunnsvitskaplege - og humanistiske perspektiv på kropp, sjukdom, helse og helsevesen, del 2

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeHELSAM322
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål

Emnet skal bidra til at studenten tilegner seg omfattande kunnskap om bruk av eit antropologisk-, praxeologisk-, fenomenologisk- og eit bioetisk perspektiv i forsking i eige fagområde/ helsefaga. I dette inngår det at studenten skal tilegne seg avansert kunnskap om metodologiske og teoretiske føringar i teori-/forskingstradisjonen studenten vel for si masteroppgåve

Innhald

Lesing av og refleksjon over grunntekstar frå dei ulike teori-/forskingstradisjonane vert vektlagt. Analyse av bruk av teori i publiserte studiar i eige fagområde/helsefaga er inkludert. Anvending av sentrale omgrep og metodologiske føringar i ein vald teoritradisjon i arbeid med å utvikle teoretisk og metodologisk forankring i eiga masteroppgåve skal ha ein sentral plass.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

KUNNSKAPER

Studenten har:

  • innsikt i bruk av omgrep og teori frå dei ulike perspektiva i forsking i eige fagområde/ helsefaga
  • inngåande kunnskap om metodologiske føringar ein vald teori-/forskingstradisjon gir for forsking i eige fagområde/helsefaga
  •  

FERDIGHEITER

Studenten kan:

  • kritisk vurdere relevans og bruk av sentrale omgrep og teori i utvikling av konkrete studiar i eige fagområde/helsefaga
  • kritisk analysere bruk av teori i publiserte studiar i eige fagområde/helsefaga

Krav til forkunnskapar

Fullført bachelorgrad i helsefag eller tilsvarende

Studiepoengsreduksjon

Studentar ved Masterprogram i helse og samfunn

Arbeids- og undervisningsformer

Studentaktiviserande undervings- og arbeidsformer vert nytta:

  • Seminar med studentførebuande og studentaktive arbeidsformer
  • Gruppearbeid knytt til obligatoriske oppgåver
  • Skriftleg individuell oppgåve
  • Sjølvstudium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar knytt til obligatoriske oppgåver

Vurderingsformer

Individuell skriftleg oppgåve knytt til teoretisk og metodologisk forankring i eiga masteroppgåve

Munnlege presentasjonar individuelt og i gruppe med tilbakemelding

Karakterskala

Individuell skriftleg oppgåve: A-F

Munnlege presentasjonar: Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Munnleg og skriftleg evaluering ved kvar gjennomføring. Emnerapport i kvalitetsportalen kvart 4. år.

Programansvarleg

Programutval for helsefag har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Astrid Blystad

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

 Studie@igs.uib.no

Studie@igs.uib.no

Tlf 55 58 61 00