Hjem
Utdanning
Masteremne

Eigenopplevd helse, livskvalitet og erfaringar med helsetenesta - Pasientrapporterte data, del 1

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten har:

  • grunnleggande kunnskap om ulike definisjonar, sentrale omgrep, teoriar og modellar knytt til helse, sjukdom, funksjon og livskvalitet
  • grunnleggande kunnskap om sentrale omgrep i måleteori, som for eksempel målenivå, reliabilitet, validitet og sensitivitet for endring
  • grunnleggande kunnskap om eigenskaper ved diskriminerande, predikerande og evaluerande målemetodar
  • grunnleggande kunnskap om minimum standard for pasientrapporterte data og kriterier for val av skjema
  • grunnleggande kunnskap om oversettjing og validering av spørjeskjema og andre måleinstrument
  • grunnleggande kunnskap om brukermedverknad i forsking

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • granske kritisk eksisterande teoriar og modellar i emneområdet
  • anvende sine kunnskaper til å vurdere resultat og utvikle prosedyrer for å hente inn pasientrapporterte data (PROM) i helsetenesta
  • utvikle og grunngje relevant(e) forskingsspørsmål
  • operasjonalisere dei ulike omgrepa og grunngje val av metode
  • anvende spørjeskjema knytt til å hent inn PROM
  • kommunisere faglege problemstillingar knytt til PROM ut frå praksis, teorigrunnlag og forsking i eige fagfelt
  • bruke kunnskapen til å vurdere ulike metodar for måling av PROM i høve til ulike aldersgrupper, sjukdom og helsetilstandar
  • kritisk vurdere studiar som handler om helse og livskvalitet

 

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • reflektere kritisk over samanheng mellom helse, sjukdom, funksjon og livskvalitet
  • diskutere teoretiske perspektiv frå emnet i høve til eige praksisfelt, profesjon eller fagområde på ein sjølvstendig og kritisk måte
  • anvende grunnleggande omgrep knytt til eige fagområde
  • gjere greie for dei sentrale tema i emnet og deira plass i og relevans for samfunnet
  • anvende kunnskap knytt til eigenopplevd helse og livskvalitet kritisk og reflektere over kunnskapen sin bruk i praksis
  • bidra til innsikt og kompetanse om eigenopplevd helse og livskvalitet i tverrfagleg samarbeid slik at pasienten/brukaren sitt oppfølgjings- og behandlingstilbod blir best mogeleg
  • undervise og formidle sin kompetanse knytt til eigenopplevd helse og livskvalitet i klinisk praksis, fagtidsskrift og utdanningsinstitusjoner

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i helsefag eller tilsvarande

Krav til studierett

Studentar som er tatt opp til Masterprogram i helse og samfunn.

Arbeids- og undervisningsformer

Studentaktiviserande undervisnings- og arbeidsformer vert vektlagt:

  • Førelesingar kombinerast med studentførebuande og studentaktiviserande element
  • Seminar med munnlege framlegg og diskusjon av teori, vitskaplege artiklar og problemstillingar knytt til helse og samfunnsperspektiv
  • Sjølvstudium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar, gruppebasert aktivitet knytt til gruppe-oppgåver samt individuelle oppgåver

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Individuelt skriftleg arbeid/oppgåve

Munnlege presentasjonar av individuelle og gruppebaserte arbeider

Karakterskala

Munnlege presentasjonar vert vurdert til bestått/ikkje bestått

Skriftlege oppgåver vurderast med skalaen A-F, der A er beste karakter og F er stryk

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret

Emneevaluering

Evaluering med emnerapport til studiekvalitetsbasen kvar 2. gong (4. år).

Programansvarleg

Programutvalet i helsefag har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

 Studie@igs.uib.no

Studie@igs.uib.no

Tlf 55 58 61 00

Eksamensinformasjon