Hjem
Utdanning
Masteremne

Eigenopplevd helse, livskvalitet og erfaringar med helsetenesta - Pasientrapporterte data, del 2

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterArray
  • EmnekodeHELSAM342
  • Talet på semester
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at studenten skal tileigne seg innsikt i ulike omgrep og teoretiske modellar knytt til eigenopplevd helse og livskvalitet, samt pasienterfaringer.

Emnet skal formidle forståing for eigenopplevd helse samt eigenopplevd erfaring med sjukdom og møte med helsetenestene.

Innhald:

Studiet tar opp tema som analyse og tolking av pasientrapporterte data (PROM) og pasienterfaringsdata (PREM) og bruk av denne type data i klinisk praksis, kvalitetsforbetring, registre og i forsking. Brukermedverknad på individ og systemnivå er ein sentral tematikk i emnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

 

Kunnskaper

Studenten har:

  • inngåande kunnskap om omgrepa målenivå, reliabilitet, validitet og sensitivitet for endring
  • inngåande kunnskap om oversetting og validering av spørjeskjema og andre måleinstrument
  • inngåande kunnskap om brukermedverknad i dei ulike fasane av forskingsprosessen
  • inngåande kunnskap om pasienterfaringsdata (PREM) og hvordan skilje desse frå pasientrapporterte data (PROM)

 

 

Ferdigheiter


Studenten kan:

  • identifisere, strukturere og formulere faglege problemstillingar for å bidra til nytenking og innovasjon i eige fagområde
  • hente inn, analysere og anvende pasientrapporterte data i ulike aldersgrupper og pasientgrupper, til forsking og/eller kvalitetsforbetring
  • planlegge og gjennomføre eit avgrensa forskingsprosjekt/forbetringsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

 

Generell kompetanse


Studenten har:

  • kunnskap om korleis hente inn og anvende pasienterfaringsdata (PREM)

Studentene kan:

  • formidle faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar knytt til pasienterfarte og -rapporterte data om helse og livskvalitet til spesialistar og allmennheita
  • bidra i tverrfagleg samarbeid til at pasienten/brukaren sitt oppfølgings- og behandlingstilbod vert best mogeleg ved å bygge på kunnskap om pasienterfarte- og rapporterte data
  • undervise og formidle sin kompetanse knytt til eigenopplevd helse og livskvalitet i klinisk praksis, fagtidsskrifter og utdanningsinstitusjonar
  • planlegge og utøve helseteneste basert på kritisk vurdert forsking, erfaringskunnskap og pasienten/brukaren sine preferansar og behov
  • forholde seg kritisk til forsking og teoriutvikling knytt til temaet eigenopplevd helse og livskvalitet
  • grunngje ulike perspektiv på helse, livskvalitet, sjukdom og funksjon, og drøfte desse perspektiva sine begrensingar og mogelegheiter
  • videreutvikle kompetanse knytt til eigenopplevd helse og livskvalitet på ein sjølvstendig måte

Krav til forkunnskapar

Fullført bachelorgrad i helsefag eller tilsvarande

Krav til studierett

Studentar som er tatt opp til Masterprogram i helse og samfunn

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert nytta studentaktive undervisings- og arbeidsformer, som:

  • Seminar med studentførebuande og studentaktive arbeidsformar
  • Sjølvstudium
  • Skriftlege individuelle oppgåver

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar knytt til obligatoriske oppgåver.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Munnlege presentasjonar individuelt og i gruppe
  • Individuelle skriftlege oppgåver knytt til teoretisk og metodologisk forankring i eige masteroppgåve.

Karakterskala

Individuelle skriftlege oppgåver vurderast ved karakterskala A-F

Munnlege presentasjonar vurderast til bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret

Emneevaluering

Evaluering med emnerapport til studiekvalitetsbasen kvar 2. gong (4. år).

Programansvarleg

Programutvalet i helsefag har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

 Studie@igs.uib.no

Studie@igs.uib.no

Tlf 55 58 61 00