Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteroppgåve i helse og samfunn

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterArray
  • EmnekodeHELSAM395
  • Talet på semester
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid eller deltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Masteroppgåva er eit individuelt, rettleia forskingsarbeid av relevans for eige fagfelt/helsefag.

 

Overordna mål

Masteroppgåva har som mål å fremje evne til å kunne produsere vitskapleg basert kunnskap etter anerkjente forskingsmetodiske og ¿ etiske prinsipp og tilnærmingar. Gjennom oppgåva skal studenten få innsikt i aktuell forsking om valt tema innan eige fagfelt. Studenten skal og få inngåande erfaring med og kunnskap om bruk av vitskaplege metodiske framgangsmåtar i produksjon og analyse av eit forskingsmateriale, der bruk av relevant teori og høyrer med. Masteroppgåva skal fremje evne til å ta godt funderte forskingsetiske val og til sjølvstendig, kritisk tenking i tolking av funn og diskusjon av gyldigheitsspørsmål.

 

Innhald

Gjennom masteroppgåva vert teori og empiri integrerte, og problemstillingar knytt til praktiske og/eller teoretiske forhold av relevans for eige fagfelt skal studerast med ein vel grunna vitskapleg forskingstilnærming.

Læringsutbyte

Kva lærer du?

 

Læringsutbyte

Gjennom masteroppgåva skal studentane syne vitskapsbaserte og metodiske resonnement ved studiar av relevans for eige fagfelt, aktivt bruke vitskapleg litteratur og vise eit kritisk analytisk refleksjonsnivå.

Kunnskap

Studenten har:

  • inngåande kunnskap om og fagleg innsikt i det valde temaområdet gjennom arbeid med relevant litteratur
  • inngåande kunnskap om forskingstradisjon og metodiske tilnærmingar nytta i eige forskingsarbeid
  • inngåande kunnskap om forholdet mellom teori og empiri gjennom arbeidet med eige forskingsprosjekt
  • innsikt i forskingsetiske spørsmål, dilemma og val gjennom arbeid med eige forskingsprosjekt

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • avgrense valt tematikk og utvikle forskbare problemstillingar
  • grunngje val av relevant forskingsdesign i høve til å undersøke aktuelle problemstillingar
  • reflektere over og grunngje relevans av vald teori i forskingsprosjekt
  • reflektere kritisk over kva val undervegs i forskingsprosessen har å seie i høve til kunnskap som utviklast
  • reflektere kritisk over og grunngje etiske val i forskingsprosjekt
  • kritisk diskutere funn frå eige prosjekt i høve til tidlegare forsking og vald teori
  • nytte referanse- og kildebruk etter vitskaplege kriterie
  • formidle forskingsarbeidet skriftleg på ein logisk og samanhengande måte, og etter dei prinsipp som gjeld for den type akademiske tekst som masteroppgåva er

Generell kompetanse

Studenten kan:

- sjølvstendig nytte sine kunnskaper til å utvikle, delta i og gjennomføre forskingsprosjekt etter anerkjente vitskaplege- og forskingsetiske prinsipp og metodiske framgangsmåtar

Krav til forkunnskapar

Gjennomført og bestått alle emne i 1. år på Masterprogram i helse og samfunn

Krav til studierett

Studentar som er tatt opp til Masterprogram i helse og samfunn

Arbeids- og undervisningsformer

Oppgåva skal skrivast individuelt i siste studieår og tilsvarer 60 studiepoeng. Oppgåva kan og gjennomførast på deltid over to år.

Studenten har rett til totalt 40 timars rettleiing individuelt og i gruppe, der deler av dette kan vere IKT - basert. I tillegg kjem kurs i søking etter litteratur, kjeldebruk og forskingsetikk knytt til kjeldebruk m. v.

Vurderingsformer

Masteroppgåva er eit skriftleg arbeid som byggjer på eit sjølvstendig gjennomført forskingsprosjekt innan eit valt forskingsfelt. Oppgåva skal leverast digitalt og innan gjeldande fristar.

Etter at masteroppgåva er godkjend og vurdert av ein intern og ein ekstern sensor (sensorkommisjonen), går kandidaten opp til ein munnleg eksamen som er knytt til masteroppgåva. Munnleg eksamen kan justere karakteren på masteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.

Vurderingssemester

Vår

Innleveringsfristar: 15. mai (vårsemester) og 15. november (haustsemester).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

 Studie@igs.uib.no

Studie@igs.uib.no

Tlf 55 58 61 00