Hjem
Utdanning
Masteremne

Statistikk i helsefagleg forsking

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Overordna mål:

Kurset skal gje ei innføring i grunnleggjande statistiske omgrep, prinsipp og metodar med bruk innan helsefaglig forsking.

Innhald:

-Metodar for å rapportere (skildre og oppsummere) ei samling av data gjennom tabellar, grafar og skildrande mål.

-Grunnleggjande fordelingar: Normalfordeling, binomisk fordeling

-Omgrep i statistisk inferens: Utval og populasjon, hypotese og hypotesetest, test-observator, signifikansnivå, p-verdi og konfidensintervall

- Finne statistisk styrke og utvalsstørrelse

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emne kan studenten:

  • Forstå dei viktigaste prinsippa ved bruk av kvantitative forskingsmetodar.

 

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • gjere greie for vanlege deskriptive statistiske mål
  • forstå føresetnader for generalisering av resultat og prinsippet for ein statistisk test
  • bestemme kva for analyser og testar som bør brukast ved dei mest vanlege studiedesign

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • syne kritisk refleksjon over metodebruk og metodologiske problemstillingar i skriftlege arbeid.

Krav til forkunnskapar

Fullført bachelorgrad eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

Fullt overlapp med MEDSTA

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga er basert på 20 timer førelesningar

Ei mengd oppgåver blir utdelt i løpet av kurset. Studentane skal arbeide med desse i grupper. Arbeid i grupper vert assistert av kollokvieleiar. Totalt 6 timar gruppearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente gruppeoppgåver.

Vurderingsformer

Heimeeksamen 5 dagar

Karakterskala

bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

MEDSTA, MEDSTAT1A og ODO-STAT1-B

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Munnleg evaluering med representantar frå studentgruppa

Programansvarleg

Emnet er felles for mange masterprogram ved Det medisinske fakultet.

Faggruppe for medisinsk statistikk er ansvarlig for kvaliteten i emnet.

Emneansvarleg

Trond Riise. http://www.uib.no/personer/Trond.Riise

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: studie@igs.uib.no

tel: 55586100

Eksamensinformasjon