Hjem
Studentsider
Masteremne

Masteroppgåve i helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi (EVU)

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

HELVID650 - Masteroppgåve i helseleiing, kvalitetsforbedring og helseøkonomi representerer eit sjølvstendig arbeid der studenten skal bruke kunnskap og ferdigheitar til å analysere og reflektere over ei avgrensa problemstilling innan helseleiing, kvalitetsforbedring eller helseøkonomi. Føremålet med masteroppgåva er å fordjupe seg i eit tema og å utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid. Oppgåva skal gje trening i å formulere ei problemstilling, gjennomføre datainnsamling og/eller diskusjon av litteratur/teori, og dessutan analyse og tolking av eigne data.

Temaet og problemstillinga skal vere relevant i tilhøve til studieprogrammet si målsetning og innhald. Tema vil normalt liggje innan felta helsepolitikk, leiing, organisering, planlegging og dimensjonering av helsetenester, kvalitetsforbedring, pasienttryggleik eller helseøkonomi. Oppgåva kan vere enten empirisk eller teoretisk orientert. Metodologisk kan empiriske oppgåver nytte enten kvalitative eller kvantitative metodar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten:

  • har avansert kunnskap innanfor ein avgrensa del av det tematiske feltet helseleiing, kvalitetsforbetring eller helseøkonomi
  • har inngåande kunnskap om vitskapelege metodar og kan gjere reie for litteratur, omgrep eller teori som er relevante for tematikken til oppgåva, og dessutan vurdere relevansen av metode for datainnsamling
  • kan anvende regler for referansebruk og kjeldetilvising
  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjonar og eigenart innan helseleiing, helseøkonomi og kvalitetsforbetring på ein vitskapleg måte, særleg knytte opp mot ens eigne val av tema for masteroppgåve

Ferdigheiter:

Studenten:

  • kan formulere ein presis og forskbar problemstilling
  • kan utarbeide eigne planar for forsking på et vitskapleg nivå
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan bruke relevante metodar på ein sjølvstendig måte
  • kan samle, systematisere, analysere, tolke og presentere kunnskap på ein nøyaktig og oversiktleg måte
  • kan analysere og forhalda seg kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende disse til å strukturere og formulere faglege resonnementar
  • kan skilje mellom erfaringsbaserte og vitskapleg baserte former for kunnskap

Generell kompetanse:

Studenten:

  • kan analysere relevante fag- og forskningsetiske problemstillingar
  • kan reflektere over styrkar og veikskapar knytte til datainnsamling og forskingsmetodar som er brukt
  • kan reflektere over vitenskapelegheit i tilhøve til helsevesenet og eigne røynsler
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherskar fagområdets uttrykksformer

Krav til forkunnskapar

Studentane skal ha gjennomført og bestått mint to av dei tre emna helseleiing, kvalitetsforbedring i helsetenesta og helseøkonomi ved oppstart. 

Studentar som har gjennomført alle tre emna ved oppstart samt studentar som har plass via arbeidsgivarar som har avtale med UiB prioriterast for opptak ved mange søkarar. 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Studiet er berekna helsepersonell med grunnutdanning av eit omfang som minimum tilsvara ein bachelor-grad, og som har minst to års relevant yrkespraksis frå norsk helseteneste. Ein søkar opptak til emnet via EVU-søknadsweb.

Arbeids- og undervisningsformer

Masteroppgåva i helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi byggjer på dei tre delemnene HEKVAL620 (Kvalitetsforbedring), HELED620 (Helseleiing) og HELØK610 (Helseøkonomi). Studentane skal så skriva ei masteroppgåve innan eit av desse tre områda.

Dei to ukesamlingene består av heildagsundervising innanfor følgjande emne:

  • Vitskapsteoretiske problemstillingar i praksis
  • Grunnleggjande krav til vitskapelighet
  • Innføring i kvalitative metodar, inkludert forskingsdesign
  • Innføring i kvantitative metodar, inkludert forskingsdesign
  • Praktisk innføring og øvingar i bruk av statistisk programvare (Stata)
  • Krav, spesifikasjonar, tips og råd til arbeidet med masteroppgåva

I løpet av samlingane verta òg tilbode meir praktisk innføring i etiske problemstillingar (Personvernsombodet og Regional Etisk Komite), litteratursøk, tilhøvet til rettleier, og lignande

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga på emnet HELVID650 gis normalt i form av to fem-dagerssamlinger i siste halvdel av vårsemesteret, i tillegg til individuell rettleiing i samband med masteroppgåva og tilbod om minst to oppgavebaserte seminar i løpet av arbeidet til studenten med masteroppgåva. Normert tid for gjennomføring av HELVID650 (masteroppgåva) er to år.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Minimum 80% deltakelse på ukesamlingene, utarbeiding av masteroppgåve

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Masteroppgåve med påfølgjande munnleg eksamen. Studenten skal presentere masteroppgåva for sensurkomitéen før utspørringa som vert gjort av komitéen. Presentasjonen til studenten kan korrigere den endelege karakteren.

Karakterskala

A (beste karakter) til F (ikkje bestått).

Vurderingssemester

Høst

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12

Emneevaluering

Emnet vert evaluert gjennom fortløpande tilbakemeldingar.

Programansvarleg

Programutvalg for ledelse, økonomi, kvalitet og digitalisering i helse

Administrativt ansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontakt

UiB Videre

Universitetet i Bergen

Postboks 7800, 5020 Bergen

Tlf.: 55 58 20 40

e-post: videre@uib.no

Administrativt ansvarlig:

Iselin Henriksen Kvamme Tlf: 55 58 93 31

https://www.uib.no/personer/Iselin.Kvamme

Eksamensinformasjon