Kvantitative metodar, forskingsplanlegging og anvendt statistisk analyse

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette er eit spesialiseringskurs i kvantitativ metode, planlegging av forsking, og anvendt statistisk analyse. Kurset gir ein introduksjon til vitskapsteori og forskingsmetodar, men vektlegg planlegging av kvantitativ forsking og statistisk analyse av kvantitative data i helse- og sosialfag. Studentane får grunnleggjande kunnskap i å skrive prosjektplan for eit kvantitativt masteroppgåveprosjekt, samt grunnleggjande innføring i statistisk analyse ved hjelp av SPSS.

Læringsutbyte

Etter gjennomføring av dette kurset skal studenten ha følgjande læringsutbyte definert i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

  • Ulike kunnskapsparadigme og forklaringsmodellar, og implikasjonar av desse for val av metodisk strategi
  • Sentrale omgrep og teoriar innan kvantitative og kvalitative metodar, kombinerte metodar og aksjonsforsking
  • Etiske prinsipp i forsking og bruk av desse i kvantitativ og kvalitativ forsking
  • Krav til masteroppgåveprosjekt
  • Eigna bruk av ei rekke statistiske metodar / teknikkar
  • Tolking av statistisk analyse

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Stille studiespørsmål som kan løysast ved hjelp av statistiske metodar, til dømes hypotesetesting
  • Modellere data ved hjelp av alternative tilnærmingar og bestemme endeleg tilnærming til ein analyse
  • Annotere og tolke resultat (output) frå statistiske analysar
  • Formatere tabellar og grafar som presenterer statistiske analysar
  • Utforme eit forskingsprosjekt og skrive ein prosjektplan

Generell kompetanse

Ved slutten av kurset skal studenten:

  • Kritisk, analytisk og systematisk evaluere forskingslitteratur (i både kvalitativ og kvantitativ metode)
  • Tenke kritisk, reflekterande og kreativt om statistisk analyse
  • Ha metodologisk kompetanse knytt til problemstillingar knytt til statistikkrelatert problemløysing
  • Kunne velje passande statistiske analysar for gitt type studiedata

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
For å ta emnet må forutgående emner i studieprogrammet være bestått
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Ope for alle studentar registrert i masterprogram ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL).
Arbeids- og undervisningsformer
Læringsmetodane vil bestå av førelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • 80% obligatorisk oppmøte på seminar
  • Innlevering av analysar gjort i SPSS, samt tolking av resultata.
  • Utarbeiding av prosjektplan for ei masteroppgåve
  • Presentasjon av eige forskingsprosjekt for medstudentar.
  • Alle obligatoriske aktivitetar må vere gjennomført og godkjent før studenten sin individuelle eksamen blir evaluert.

    Vurderingsformer

    Heimeeksamen, 5 dagar.

    MERK: Tekst generert av ChatGPT og andre KI-tekstgeneratorar er ikkje tillate i innleverte skriftlege arbeid eller i eksamenar.

    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Tilgjengeleg 1. desember
    Emneevaluering
    Kurset vil bli evaluert i samsvar med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem.
    Programansvarleg
    HEMIL-senteret
    Emneansvarleg
    Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)
    Administrativt ansvarleg
    Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet