Hermod: Kommunikasjon av forsking, kultur og forvaltning

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Hermod er dei norrøne gudane sin bodberar, og gud for språk og overtaling. Hermod: Kommunikasjon av forsking, kultur og forvaltning er eit deltidsstudium på 10 studiepoeng, basert på to samlingar à to dagar i semesteret, med forelesingar, gruppediskusjonar og rettleiing, dessutan individuell rettleiing på nett mellom samlingane.

Kurset Hermod: Kommunikasjon av forsking, kultur og forvaltning rettar seg mot kommunikasjonsarbeidarar innanfor kultur, forsking og forvaltning. Ved å ta utgangspunkt i konkrete og aktuelle kommunikasjonsoppgåver vil kursdeltakarane diskutere desse i lys av kommunikasjonsfaglege og retoriske problemstillingar. Ei sentral målsetting med kurset er å skape dialog mellom aktørar innan kultur, forsking og forvaltning for å lære av kvarandre. Gjennom kurset vil me gjere undersøkingar i retoriske repertoar, profilbygging og korleis ein får gjennomslagskraft på digitale og tradisjonelle arenaer.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

  • Har innblikk i korleis einskilde institusjonar og organisasjonar må ta omsyn til både moglegheiter og utfordringar i sitt retoriske virke.
  • Har innsikt i ulike utfordringar i kommunikasjonsyrket, og kjenner til ulike måtar å handsame disse utfordringane.
  • Har innblikk i korleis ein kan nytte sosiale medium i strategisk planlegging.

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • Har ferdigheiter om korleis ein kan skreddarsy profil og heilskap på digitale og tradisjonelle arenaer.
  • Kan reflektere omkring og knytte band til ulike målgrupper.
  • Kan samarbeide med andre kandidatar på tvers av disiplinar og bransjar.
  • Har eit utvida repertoar av praktiske tilhøve i kommunikasjonsfaget.

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • Har styrka sin generelle kompetanse innan planlegging, kommunikasjon og retorikk.
  • Har innblikk i ulike deler av kommunikasjonsyrket, på tvers av fagretningar.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Søkjarar over 25 år vert tekne opp på grunnlag av realkompetanse eller generell studiekompetanse, som ein ikkje treng dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlappar med emnet Praktisk informasjonsarbeid, PRAKTINF
Krav til studierett
Emnet er åpent for studenter som har opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer
To samlingar à to dagar i semesteret, med forelesingar, gruppediskusjonar og rettleiing, dessutan individuell rettleiing på nett mellom samlingane. Undervisninga legg vekt på individuelle bidrag frå kursdeltakarane, og gruppene vil bli sette saman på tvers av kompetanse og bakgrunn. Det er ein føresetnad at studentane arbeider med emnet også mellom samlingane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk deltaking på begge samlingane. Fråvær over 20 % medfører tap av eksamensrett. I tillegg er det obligatorisk rettleiing av individuell prosjektoppgåve.
Vurderingsformer
Innlevering av rettleidd prosjektoppgåve på om lag 3000-4000 ord. Oppgåva vert utarbeidd med rettleiing. Oppgåva kan gjerne ta utgangspunkt i eigen institusjon/organisasjon.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Det vert utarbeidd ei felles litteraturliste på om lag 800 sider. I tillegg legg studentane opp ei individuell litteraturliste på om lag 200 sider som skal godkjennast av faglærar.
Emneevaluering
Emneevaluering blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssystem
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium