Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Historiedidaktikk for vidaregåande skole

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust - 5. semester

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet rettar seg særleg mot historieundervisning i vidaregåande skulen, og tar opp grunnleggjande problemstillingar knytt til historieundervisning i skulen, samt relevante historiedidaktiske omgrep og tenkjemåtar som følgjer av dette. Studentane skal bli kjende med ulike undervisningsformer i historie, og utvikle ferdigheiter i å planleggje, gjennomføre og kritisk reflektere over eiga undervisning på bakgrunn av relevant historiedidaktisk forsking.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidaten kjenner til grunnleggjande problemstillingar knytt til historieundervisning i skulen, samt relevante historiedidaktiske omgrep og tenkjemåtar. Vidare kjenner kandidaten til ulike undervisningsformer i historie, læreplanen i faget og historiefaget si utvikling i norsk skule.

Ferdigheiter:

Kandidaten kan drøfte aktuelle problemstillingar knytt til historieundervisninga i skulen i lys av ulike historiedidaktiske omgrep og tenkjemåtar, samt planleggje, gjennomføre og kritisk reflektere over eiga undervisning basert på dette. Vidare kan kandidaten vurdere fordeler og ulemper ved ulike undervisningsformer, og tolke læreplanen i høve til opplæringa sine overordna mål og verdiar.

Generell kompetanse:

Kandidaten kan konkretisere målsetjingane for historieundervisning på ein sjølvstendig og fagleg kvalifisert måte, og har utvikla evne til å reflektere over og vurdere eigne undervisningsval.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PEDA111 samt minimum 30 studiepoeng innan historie

Krav til studierett

Opptak til integrert lektorutdanning med master i historie, religionsvitskap, framandspråk eller nordisk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som førebuing og etterarbeid i følgje med praksis, i tillegg til to heildagsførelesingar/-seminar. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skuleerfaring på inntil 5 dagar inkludert for- og etterarbeid, ei obligatorisk oppgåve knytt til skuleerfaringa og inntil fire obligatoriske oppgåver/ aktivitetar. Omfang og fristar for obligatoriske arbeidskrav blir annonsert på Mitt UiB.

Vurderingsformer

Ein 3 dagars skriftleg heimeeksamen over oppgitt tema. Heimeeksamen skal leverast elektronisk og skal vere på om lag 2000 ord (ikkje medrekna referansar og litteraturliste)

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 400 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluere emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    21.01.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    23.01.2019, 13:00
    Trekkfrist
    07.01.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen