Hjem
Utdanning
Masteremne

Historiedidaktikk for grunnskolen

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust - 7. semester

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet byggjer vidare på HIDID111, og rettar seg særleg mot undervisning i grunnskulen. Emnet tar opp historieundervisningas innhald og målsetjingar i lys av ein breiare samfunnsmessig og historiekulturell kontekst. Historieundervisningas samfunnsmessige funksjon og danningspotensial vil difor stå sentralt. I forlenginga av dette vil emnet ta for seg ulike vurderingsformer i historie, samt relevante undervisningsmetodar knytt til bruk av digitale verktøy.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidaten kan gjere greie for historiefagets samfunnsmessige funksjon og danningspotensial, og drøfte relevante problemstillingar dette reiser når det gjeld historieundervisningas innhald og målsetjingar. Kandidaten kjenner dessutan til læreplanen i faget, ulike vurderingsformer i historie, og ulike metodar for å bruke digitale verktøy i historieundervisninga.

Ferdigheiter:

Kandidaten kan drøfte relevante problemstillingar knytt til historieundervisningas samfunnsmessige funksjon og danningspotensial, og bruke dette i planlegging av eiga undervisning. Kandidaten kan også bruke ulike vurderingsformer, samt ulike metodar for bruk av digitale verktøy i historieundervisninga.

Generell kompetanse:

Kandidaten kan konkretisere målsetjingane for historieundervisninga i vidaregåande skule på ein sjølvstendig og fagleg kvalifisert måte, og har innsikt i historieundervisningas funksjon i ein brei samfunnsmessig og historiekulturell kontekst.

Krav til forkunnskapar

For å ta HIDID112 må studentane ha fullført HIDID111 (5 stp), samt historieemna HIS101 (15 stp), HIS102 (15 stp), HIS120 (5 stp) og eitt fordjupingsemne i historie (15 stp), og dessutan PEDA111.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på PEDA111 og HIDID111.

Krav til studierett

Opptak til integrert lektorutdanning med master i historie, religionsvitskap, framandspråk eller nordisk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som to heildagsførelesingar/-seminar, før og etter praksis.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane kan bli pålagd inntil fire obligatoriske oppgåver/aktivitetar. Omfang og fristar for obligatoriske arbeidskrav blir annonsert på Mitt UiB.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen på 30 min.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 400 sider

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluere emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon