Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Oversyn over Midtaustens historie

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeHIM101
  • Talet på semester1
  • SpråkNormalt undervises emnet på norsk.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi ein oversikt over Midtaustens historie frå 600-talet fram til i dag. Midtausten er her i hovudsak definert som området frå Nord-Afrika til Iran.

Emnet legg vekt på den politisk historia og dei lange linene. Utviklinga av islam som religion og sosio-politisk normsystem vert òg studert, i tillegg til utvalde kulturhistoriske og økonomiske tema.

Det overordna perspektivet vil dels vere orientert mot dei langvarige strukturane, dels mot viktige endringsprosessar og dels mot aktørane på gruppe og individnivå.

Historisk teori og metode er ein del av pensum og undervisninga.

Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggande kunnskapar om dei viktige fasane så vel som dei lange linene i Midtaustens historie frå 600-talet og fram til i dag.
  • har innsikt i karakteristiske trekk ved statsdanningar, administrasjon, politikk, samfunnstilhøve og islams utvikling.
  • kjenner til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.

Ferdigheiter

Studenten

  • viser evne til å drøfte historiske problemstillingar knytt til Midtaustens og islams historie og trekke eigne konklusjonar.

 

Generell kompetanse

Studenten

  • viser evne til å sette seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentere for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

 

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet er ope for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar). Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i vår-semesteret. Dersom det er ressursar, vil det i tillegg bli arrangert oppgåveseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

  • 6-timars skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1400 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Knut Vikør

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar@ahkr.uib.no

Tlf 555 82300

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    01.10.2018, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen