Islam og politikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Forholdet mellom religionen islam og politisk makt har vore eit sentralt debattema i den historiske utviklinga i nyare tid. Dette emnet fokuserer på teori og praksis i vår tid, satt i ei historisk ramme. Etter eit studium av politisk teori og praksis i klassisk tid, fokuserer emnet på dei ulike formene for religiøs politisk praksis i islam i det siste hundreåret, med vekt på framveksten av moderne islamisme. Denne blir studert i sine konkrete utformingar i sentrale land i Midtausten, og med fokus på ulike retningar og variasjonsbreidda i ytringsformene for islamsk politisk praksis.

Historisk teori og metode er ein del av pensum og undervisninga.

Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har god kunnskap om karakteristiske trekk i ulike oppfatningar og praksisar rundt politisk islam i nyare tid.
  • har kunnskap om dei røttene denne praksisen har i islamsk klassisk teori, og variasjonen innanfor begrepet politisk islam.
  • kjenner til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.

Ferdigheiter

Studenten

  • viser evne til å drøfte historiske problemstillingar knytt til temaet og trekke eigne konklusjonar.

Generell kompetanse

Studenten

  • viser evne til å sette seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentere for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust.

Undervisninga går føre seg i andre halvdel av semesteret (undervisningsblokk haust 2).

Emnet vert ikkje tilbode kvar haust, men alternerer med dei andre fordjupingsemna innan Midtaustens historie (HIM104, HIM105).

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Emnet byggjer på HIM101.

Studiepoengsreduksjon
5 stp overlapp med RELV229 og RELV329
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert normalt gjeven i form av førelesingar, men andre undervisningsformer kan verte aktuelle (om lag 25 undervisningstimar totalt).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei øvingsoppgåva på om lag 1500 ord. Godkjend øvingsoppgåve er gyldig i inneverande og dei to påfølgjande semestera.
Vurderingsformer
  • 6-timars skriftleg skuleeksamen på inntil 3000 ord.
  • For å ta eksamen, må studenten ha fått godkjend den obligatoriske øvingsaktiviteten.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
    Vurderingssemester

    Haust.

    Skriftleg eksamen vert òg avvikla i vårsemesteret. Denne eksamenen er berre open for dei som har ei godkjend obligatorisk øvingsoppgåve (sjå punktet «Obligatorisk undervisningsaktivitet»).

    Litteraturliste

    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

    Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1300 sider.

    Emneevaluering
    Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.