Fordjuping i Midtaustens historie
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeHIM201
- Talet på semester1
- SpråkNormalt undervises emnet på norsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelornivå
Undervisningssemester
Haust og vår (såframt ressursane tillet det)
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i eit historisk tema i frå Midtaustens historie. Temaet, som vil variere frå semester til semester, skal vere ei tematisk og kronologisk avgrensa studieeining som inkluderer historisk teori og metode. Det blir kunngjort kva for tema det blir gjeve undervisning i.www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historie
Trykk her for informasjon om temaet som er gjeldande dette semesteret
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har djupare historisk innsikt gjennom eit meir inngåande studium av eit avgrensa tema
- kjenner til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking
Ferdigheiter
Studenten
- viser evne til sjølvstendig drøfting av historiske problemstillingar og framstillingar innan det aktuelle temaet, og å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette
Generell kompetanse
Studenten
- viser evne til kritisk tenking og problematisering av tematikk, teori og metode
- har erfaring med å analysere komplekse fenomen og å formidle historisk innsikt.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt om lag 12 førelesningar). Undervisnings- og tematilbodet vil vere avhengig av lærarressursane som til kvar tid er tilgjengelege
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
6-timars skriftleg skuleeksamen på inntil 3000 ord.
Tema for emnet varierer. Dersom ein ikkje avlegg eller ikkje greier eksamen i undervisningssemesteret, kan ein i det første påfølgjande semester gå opp til eksamen i det temaet det blei undervist i førre semester. Skal ein ta eksamen opp att etter dette, må ein følgje undervisninga på nytt og ta eksamen i det temaet ein sist har hatt undervisning i.
Skal du ta eksamen i førre semesters tema, gjeld særskilde rutinar for registrering. Ta kontakt med instituttet så snart du har vurderingsmeldt deg.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Emnet vert normalt tilbydd kvart semester, med ulikt tema. For informasjon om fleire vurderingsforsøk, sjå avsnittet om vurderingsformer.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1400 sider
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar kan kontaktast her:studierettleiar@ahkr.uib.nostudierettleiar@ahkr.uib.no
Tlf 555 82300
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 22.02.2022, 09:00
- Innleveringsfrist
- 24.02.2022, 13:00
- Trekkfrist
- 08.02.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen