Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeHIS108
- Talet på semester1
- SpråkNormalt undervises emnet på norsk.
- Ressursar
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelornivå
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi oversyn over norsk og europeisk historie i eit kjønnsperspektiv
og gi ein innsikt i kjønnshistorias teori og forskingshistorie.
Innafor kvar av dei store historiske periodane vert det spurt etter kva kontinuitet og endring i kjønnsarbeidsdeling og i tilhøve som gjeld makt og avhengigskap mellom kvinner og menn har hatt å seia både for dagleglivet og for dei store økonomiske, sosiale og politiske prosessane i samfunnet. Tilsvarande vert det spurt etter korleis utvikling og endring i samfunna har verka inn på levekår og handlingsrom for dei to kjønna gjennom tidene.
Emnet inngår i Bachelorprogrammet for kvinne- og kjønnsstudier. Emnet kan også studerast uavhengig av dette studieprogrammet. Emnet kan inngå i ein spesialisering i historie.
Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har oversyn over kvinne- og kjønnshistorie gjennom å studera skiftande tilhøve mellom kjønn og samfunn gjennom tidene.
- kjenner til sentrale forklaringar på den historiske utviklinga og dei vanlegaste teoriane omkring tilhøva mellom kjønna.
Ferdigheiter
Studenten
- viser evne til kritisk drøfting av historiske problemstillingar i eit kjønnsperspektiv og kunne trekke eigne konklusjonar ut av eit historisk materiale.
Generell kompetanse
Studenten
viser evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk skriftleg arbeid
For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk skriftleg arbeid. Omfang, fristar og retningslinjer for obligatoriske undervisningsaktivitetar blir gjort kjent ved studiestart.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i eit semester etter det semesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
- 6-timars skriftleg skuleeksamen.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar må vera gyldige for å kunne møte til eksamen.
Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (haust). Denne eksamen er bare open for studentar som har gyldige obligatoriske undervisningsaktivitetar i emnet.
Våren 2021 er 6 timar skoleeksamen erstatta av skriftleg eksamen heimefrå som tiltak for å hindre spreiing av koronavirus. Studentane får1 time teknisk tilleggstid, slik at dei har 7 timar på å utforma svaret.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Denne karakterskalaen gjeld også våren 2020.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:studierettleiar@ahkr.uib.nostudierettleiar@ahkr.uib.no
Tlf 555 82300
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime
- Dato
- 25.05.2021, 09:00
- Varigheit
- 7 timer
- Trekkfrist
- 11.05.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen