Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fordjuping i eldre historie

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust (emnet blir tilbydd kvar haust, såframt ressursane tillet det)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle historiske tema i tida frå antikken og fram til ca. 1750. Instituttet tilbyr normalt undervisning i eitt eller fleire tema, avhengig av ressursar, og studentane vel eitt tema (per emne). Temaene kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking.

Høsten 2019 tilbys følgjande tema:

Tema 1: Tyranner og tyrannmord
Tema 2: A Cultural History of Writing and Reading in Premodern Times (undervisning og innleveringer på engelsk)
Tema 3: Byens morfologi - bebyggelsesmønster, funksjon og identitet 

Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret

 Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har gode kunnskapar om og kjenne til sentrale teoriar og debattar innan det valde temaet.
  • kjenner til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.
  • Ferdigheiter

Studenten

  • viser evne til å drøfte historiske problemstillingar innan temaet, samt kritisk vurdere historiske framstillingar i forskingslitteraturen og i studentarbeid.
  • demonstrerer ferdigheiter i å analysere historiske data formidla gjennom kjelder og litteratur, og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i fleire skriftlege arbeid.

Generell kompetanse

Studenten

  • viser evne til å argumentere og dokumentere akademisk gjennom dei skriftlege arbeida.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Emnet har begrensa kapasitet, plass på emnet vert tildelt etter ¿første mann til mølla- prinsippet¿.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga består av normalt tolv førelesingar samt skriftleg rettleiing på oppgåver, jf. avsnittt vurderingsformer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • 2 skriftlege øvingsoppgåver

Studenten skal undervegs i undervisningssemesteret levere to skriftlege øvingsoppgåver, normalt på 1500-2000 ord, som dei får tilbakemelding på.

Oppgåvene blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend av faglærar som også gir individuell tilbakemelding på kvar enkelt oppgåve. Studentar som ikkje leverer oppgåver til dei fastsette fristane, mistar retten til å gå opp til eksamen.

Oppgåvene skal ha tilvisingar i teksten til kjelder og litteratur og liste til slutt over den litteraturen som er nytta.

Innleveringsfristar for dei enkelte oppgåvene blir kunngjort i Mitt UiB ved semesterstart.

Godkjende krav er gyldige i undervisnings- og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

  • Ein 7 dagars heimeeksamen over oppgitt tema
  • 2 timars skriftleg skuleeksamen

Det blir gitt ein samla karakter, der heimeeksamen tel 70 prosent, og den 2-timars skuleeksamen tel 30 prosent av den samla karakteren.

Heimeeksamen på 7 dagar skal være på 1500-2000 ord. Oppgaven vert levert ut og skal leverast inn elektronisk.

Heimeeksamen må takast i eit undervisningssemester. Den skriftlege skuleeksamen bør takast i undervisningssemesteret, men studenten har høve til å ta den skriftlege skuleeksamen i det påfølgjande semesteret, føresett at heimeeksamen er greidd

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust og vår (kun skriftleg skuleeksamen i vårsemesteret, jf. avsnitt om vurderingsformer).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:studierettleiar@ahkr.uib.nostudierettleiar@ahkr.uib.no

studierettleiar@ahkr.uib.no

Tlf 555 82300

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen og skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    28.10.2019
    • Eksamensdel: Heimeeksamen

      Oppgave utleveres
      11.11.2019, 09:00
      Innleveringsfrist
      18.11.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      05.12.2019, 09:00
      Varigheit
      2 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen