Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fordjuping i eldre historie

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust (emnet blir tilbydd kvar haust, såframt ressursane tillet det)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Når ressursane tillet det tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema, og studentane vel eitt av dei (per emne). Studiet omfattar perioden frå antikken fram til ca. 1750. Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i det aktuelle temaet. Dei skal læra seg å formidla historisk stoff best mogeleg, å nærma seg historiske problem på ein vitskapleg måte og å bruka historisk teori og metode i behandlinga av historiske spørsmål. Tema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.

Følgjande tema er gjeldande for hausten 2019:

Tema 4: Norsk middelalder frå ca. 700 ¿ 1300
Tema 5: Midtøsten i romersk tid/The middle east under Rome

 Trykk her for informasjon om temaet som er gjeldande dette semesteret

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har god kunnskap innan det valde fordjupingsteamet.
  • kjenner til synsmåtar, forklaringar og teoriar knytt til temaet.
  • har god innsikt i sentrale kjelde- og metodespørsmål.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan problematisere, nytte relevant fagterminologi og drøfte historiske framstillingar innan temaet.
  • kan vurdere og analysere litteratur/kjelder og kunne trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av denne analysen.

 

Generell kompetanse

Studenten

  • viser evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk skriftleg arbeid

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk skriftleg arbeid. Omfang, fristar og retningslinjer for den obligatoriske aktiviteten blir gjort kjent ved studiestart .

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eit semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

  • 6- timars skriftleg skuleeksamen

Obligatoriske arbeidskrav må vera gyldige for å kunna møte til eksamen.

Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (vår). Denne eksamen er bare open for studentar som har gyldige obligatoriske arbeidskrav i emnet.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    25.11.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    11.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted