Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fordjupingsoppgåve i historie

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet er å gjere studenten i stand til å skrive ei historiske framstilling, på grunnlag av både forskingslitteratur og kjelder.

Gjennom skriving av ei oppgåve innanfor eit avgrensa tema, lærer studenten å bruke historisk kjeldekritikk til å løyse historiske problem..

Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, før kvart undervisningssemester.

Trykk her for informasjon om temaet som er gjeldande dette semesteret

Læringsutbyte

Kunnskapar
Studenten skal ha tillegna seg realkunnskap om temaet som er valt for emnet. Studenten skal kjenne til relevante kjelder til temaet og skal vise ferdigheiter i å bruke kjelder metodisk og kritisk.

Ferdigheiter
Med utgangspunkt i valde problemstillingar skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere kjelder og forskingslitteratur, trekke eigne konklusjonar og formidle dette i eit skriftleg arbeid. Desse ferdigheitene er særskild viktige i læraryrket.

Generell kompetanse
Kjeldekritikk er noko som vert nytta overalt i samfunnet der verdien av informasjon og representativiteten i ei informasjonsmengde skal vurderast. Ei systematisk trening i dette vil såleis kunne ha stor verdi også utanfor historiefaget.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til integrert lærarutdanning ved det humanistiske fakultet, UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil ta form av seminar og personleg rettleiing. Det er ein føresetnad at studenten føljer undervisninga i HIS101, særskild innføringsførelesningane om historisk metode og historiefagets utvikling, samt dei førelesningane som omfattar semesterets tema.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det skal leverast ei prosjektskisse med problemstilling og disposisjon innan oppgitte fristar. Frist for levering blir kunngjort i Mitt UiB. Skissa skal leveras elektronisk i Mitt UiB.

Vurderingsformer

Studentane skal levere ei oppgåve på 2000-2500. Oppgåva skal ha korrekte tilvisingar til kjelder og litteratur og ei liste over den litteraturen som er nytta. Oppgåva skal leverast elektronisk i Inspera innan opplyste fristar.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Undervisningslitteratur vil bli fastsatt i samråd med emneansvarlig.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    28.11.2018, 13:00
    Trekkfrist
    14.11.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen