Fordjupingsoppgåve i historie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- HIS120
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Normalt vert emnet undervist på norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet er å gjere studenten i stand til å skrive ei historiske framstilling, på grunnlag av både forskingslitteratur og kjelder.
Gjennom skriving av ei oppgåve innanfor eit avgrensa tema, lærer studenten å bruke historisk kjeldekritikk til å løyse historiske problem..
Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, før kvart undervisningssemester.
Trykk her for informasjon om temaet som er gjeldande dette semesteret
Læringsutbyte
Kunnskapar
- Studenten skal ha tillegna seg realkunnskap om temaet som er valt for emnet. Studenten skal kjenne til relevante kjelder til temaet og skal vise ferdigheiter i å bruke kjelder metodisk og kritisk.
Ferdigheiter
- Med utgangspunkt i valde problemstillingar skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere kjelder og forskingslitteratur, trekke eigne konklusjonar og formidle dette i eit skriftleg arbeid. Desse ferdigheitene er særskild viktige i læraryrket.
Generell kompetanse
- Kjeldekritikk er noko som vert nytta overalt i samfunnet der verdien av informasjon og representativiteten i ei informasjonsmengde skal vurderast. Ei systematisk trening i dette vil såleis kunne ha stor verdi også utanfor historiefaget.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Studentane skal levere ei oppgåve på om lag 1500 ord. Oppgåva skal ha korrekte tilvisingar til kjelder og litteratur og ei liste over den litteraturen som er nytta.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.