Politikk og samfunn i antikken

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Omgrepet "politikk" kjem av det greske ordet for bystat, polis. I ein periode på 1250 år (omkring 750 f.v.t. - 500 e.v.t.) var Middelhavet og Svartehavet omkransa av slike sjølvstyrte byar, med eit relativt lite jordbruksoppland, og ofte såpass få borgarar at dei kan karakteriserast som "face-to-face societies".

Men politisk teori og den overflod av forskjellige konstitusjonar som har danna basis for europeisk tenking heilt frem til våre dagar, oppsto i det politiske laboratoriet rundt Middelhavet. Her gjennomførte ein gjennom fleire hundre år både fredelege og valdelege eksperiment med variantar av einevelde (monarki/ tyranni), fåmannsvelde (aristokrati/ oligarki) og folkestyre (demokrati). Emnet er eit samanliknande (komparativt) studium av desse styreformene, og prosessane som skapte og opprettheldt dei, med hovudvekt på de fire mest kjente bystatane; Athen, Sparta, Syrakus og Roma.

Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet.

Aktiviteten på emnet er for ein stor del knytt til to område: Skriving av oppgåver, og aktiv deltaking i undervisninga i grupper og diskusjon i plenum (student-aktiv undervisning).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om dei mest kjente politiske systema i antikken
  • er godt kjent med nokre av dei viktigaste antikke kjeldene og kjeldekritisk drøfting av desse
  • har eit grunnlag for å arbeide sjølvstendig med sentrale problemstillingar med utgangspunkt i den nyaste forskingsdebatten
  • har ei brei komparativ forståing av antikkens politiske kultur

Ferdigheiter

Studenten

  • har evne til å setje seg inn i og diskutere sjølvstendig i høve til historiske kjelder og forskingsdebatt, og relatere forståinga av antikken til seinare periodar og den moderne politiske røyndommen.

Generell kompetanse

Studenten

  • har evne til refleksjon og diskusjon kring komplekse sakstilhøve og er i stand til å sjå korleis dei same data kan underleggjast forskjellige analysemetodar og munne ut i ulike, men ikkje nødvendigvis gjensidig utelukkande konklusjonar
  • har evne til å skilje mellom sikker kunnskap og hypotesar om den historiske røyndommen.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust (emnet blir tilbydd kvar haust, om ressursane tillet det).

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.Emnet har begrensa kapasitet, plass på emnet vert tildelt etter "første mann til mølla- prinsippet".
Arbeids- og undervisningsformer
Om lag 14 dobbelttimar forelesing og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Refleksjonsnotat om endringar i anna versjon av oppgåve 1.
  • Kommentarar til medstudentars oppgåver ved den første innleveringa, inntil 3 oppgåver.Kommentarane skal vere fyldige nok til at medstudentane kan ha utbyte av dei i revisjon av oppgåve 1.
  • Obligatorisk frammøte på 80 prosent av forelesingar/seminar. Dette gjeld og for endringar i oppsett program som er meldt ei veke på førehand. Gyldig fråvær (for eksempel legeattest) tel som møtt.
  • Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to semester frå undervisingssemesteret det vart godkjend.

    Vurderingsformer

    ¿ Mappevurdering:

    Mappa består av to oppgåver som kvar skal vere på om lag 2500 ord.

    Den første oppgåva skal leverast inn på nytt etter studentkommentarane, medan oppgåve to berre skal leverast inn ein gang. Oppgåve 1 vil få ein kort kommentar av faglærar før andre innlevering.

    Oppgåvene skal ha tilvisingar til kjelder og litteratur og liste over den litteraturen som er nytta. Innleveringsfristar for dei enkelte arbeida blir kunngjort ved semesterstart. Mappa får ein felles karakter, og alle delane i vurderingsmappa må vere levert i eitt og same undervisningssemester.

    Karakterskala
    Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste

    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

    Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1500 sider. Ein stor del av pensum er på engelsk.

    Emneevaluering
    Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
    Hjelpemiddel til eksamen
    -
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.