Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Det antikke Hellas' historie

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeHIS131
  • Talet på semester1
  • SpråkHovudsakleg norsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår (emnet blir tilbydd kvar vår, om ressursane tillèt det). Maksimum 18 studentar. Dersom mindre enn 10 er meldt opp blir det ikkje undervist i emnet.

Undervisningsstad

Det Norske Institutt i Aten (2 veker i mars eller april)

Mål og innhald

Kunnskap om Hellas i antikken er ein inngangsport til forståing av seinare europeisk historie så vel som kultur. Emnet tilbyr studentane eit første møte med tidleg gresk historie- frå bronsealder til bysantinsk tid- gjennom undervisning i tilknyting til sentrale historiske stadar og minnesmerker i Aten. Studentane vil bli kjent med byen og området i antikken og få innsikt i korleis historia vart forma av naturlege og menneskeskapte omgjevnader.

Trykk her for meir informasjon om temaet og forelesningsoversikt for emnet

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om det antikke Hellas si sosiale, økonomiske, politiske og kulturelle historie
  • har kjennskap til sentrale historiske stadar og minnesmerker i Aten frå arkaisk, klassisk, hellenistisk, romersk og bysantinsk tid.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forklare historiske samanhengar skrifteleg og munnleg
  • kan gjøre reie for sentrale hendingar i Hellas¿ antikke historie
  • kan gjøre reie viktige trekk ved tidleg gresk samfunnsstruktur

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge frem eit faglig innlegg framfør medstudentar og lærarar
  • kan gi ei skriftleg framstilling av eit fagleg problem.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen, samt hospitantar.
Les om søknad om hospitantstatus http://www.uib.no/hf/22560/hospitant-ved-det-humanistiske-fakultet her

Det er 18 plassar på emnet, og frist for undervisningsmelding til emnet er 10. januar. Dersom der er fleire studentar enn plassar, vert opptak gjennomført ved loddtrekking.

Dersom færre enn 10 studentar melder seg til emnet, vert emnet avlyst.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert given under eit to vekers opphald i Aten, i form av forelesingar, seminar og innlegg ved aktuelle monument og museum. Opphaldet finn stad i mars eller april. Nøyaktige datoar blir oppgjeven i god tid på førehand.  

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha fått godkjent desse obligatoriske aktivitetane:

  • Gjennomføring av 2 flervalsprøver på nett før opphaldet i Athen
  • Deltaking på minst 90% av undervisinga, både førelesingar på instituttet og undervising utandørs (arkeologiske parker, monument, museum, m.v.)
  • Ei munnleg presentasjon (ca. 5-10 min) knyta til eit monument som blir besøkt under opphaldet i Athen

Vurderingsformer

  • Skriftleg oppgåve

Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisingstilbod (vår). Denne eksamen er berre open for studentar som har oppfylt gyldige obligatoriske arbeidskrav i emnet.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er omlag 800 sider. Mestparten av pensum er på engelsk.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Studierettleiar kan kontaktast her:studierettleiar@ahkr.uib.no

studierettleiar@ahkr.uib.no

Tlf 555 82300

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:studierettleiar@ahkr.uib.no

studierettleiar@ahkr.uib.no

Tlf 555 82300

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    18.10.2019, 13:00
    Trekkfrist
    20.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen