Bacheloroppgåve i historie
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeHIS250L
- Talet på semester1
- Språk Normalt undervises emnet på norsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelornivå
Undervisningssemester
Vår og haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva.
Instituttet tilbyr undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.
Tema som tilbys våren 2020 er:
Tema 3: Staten og sjølvstyret. Den geografiske aksen i det norske styringsverket etter 1814.
Tema 4: Miljøbevægelser, miljøaktivister og miljøsyn ¿ fra Rachel Carson til Greta Thunberg
Tema 6: Midtøsten i romersk tid/The Middle East under Rome (undervisningsfritt)
Tema 7: Byens morfologi ¿ bebyggelsesmønster, funksjon og identitet (undervisningsfritt)
Tema 8: Trolldomsprosesser i Europatrolldomsprosesser i Europa (undervisningsfritt)
Tema 9: Kjetteri og inkvisisjon (undervisningsfritt)
Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har gode kunnskapar om og kjenne til historiografi og sentrale teoriar innan tematikken til bacheloroppgåva.
Ferdigheiter
Studenten
- viser sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare historiske problemstillingar innan temaet.
- demonstrerer ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga.
- demonstrerer ferdigheiter i å analysere forskingslitteratur/kjelder, posisjonere forskingslitteraturen historiografisk og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.
Generell kompetanse
Studenten
- har grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid.
- har kompetanse i fagleg kommunikasjon ved å få og gi skriftlege. tilbakemeldingar til medstudentar.
- har sjølvstendig evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar gjennom bacheloroppgåva.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studenten bør ha hatt normal progresjon i historieemna på lektorprogrammet før han/ho tek til på HIS250L.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.
Det er begrenset kapasitet på de ulike temaene i HIS250L. Alle som skal ta HIS250L må derfor søke om plass på tema. Du søker via Studentweb. I søknaden må du sette opp tre prioriterte ønsker om tema.
Dersom et tema har flere søkere enn plasser, vil følgende søkergrupper prioriteres:
1. Studenter som tar historie som fag 2, og oppfyller progresjonskravet i lektorprogrammet.
Dersom temaet blir fullt, vil opptak skje ved loddtrekning.
Arbeids- og undervisningsformer
Studentane kan velja mellom fleire tema. Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd/ grupperettleiing og/eller individuell rettleiing. Studentane sitt arbeid med emnet er konsentrert om utarbeiding av ei større oppgåve, og kommentering av andre studentar sine oppgåver. Instituttet fastset kva oppgåver som skal kommenterast, og fristar for kommentarar
Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter instituttet sine retningslinjer.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Emnet har fire obligatoriske undervisningsaktivitetar:
- Studenten har plikt til å møte (kontakte) rettleiar i god tid før innlevering av prosjektskissa, jf. punkt 2.
- Prosjektskisse for bacheloroppgåve. Skissa skal innehalde presentasjon av temaet, førebels disposisjon og utgreiing om relevant litteratur. Prosjektskissa er basis for diskusjon mellom lærar og studentar.
- Utkast til bacheloroppgåve som vil verta diskutert og kommentert av lærar og studentar.
- Skriftlege kommentarar til andre studentar sine arbeid. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.
Studenten må få godkjent alle fire aktivitetar før ein får gå opp til eksamen. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester. Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er berre gyldig i undervisningssemesteret.
Fristane for innlevering av undervisningsaktivitetane blir kunngjort i Mitt UiB ved starten av semesteret.
Vurderingsformer
Emnet har to vurderingsformer, ei rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve) og ein munnleg eksamen.
Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 4000 ord og må ikkje overskrida 5000 ord.
Det blir nytta ein gradert karakterskala frå A til F for bacheloroppgåva.
Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter.
Våren 2020 blir munnleg eksamen avvikla digitalt. Praktisk informasjon om plattform blir lagt ut i Mitt UiB.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Denne karakterskalaen gjeld også våren 2020.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Studentane skal leggja opp eit pensum på ca. 800 sider. Rettleiar skal godkjenna pensumlista.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie kultur og religionsvitskap
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Oppgåve og justerande munnleg eksamen
- Trekkfrist
- 05.05.2021
Eksamensdel: Oppgåve
- Innleveringsfrist
- 19.05.2021, 13:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen