Historisk forskingslitteratur
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- HIS301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Emnet vert normalt undervist på norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gir studentane ei innføring og orientering i eit forskingsfelt i historiefaget som kan vere relevant for ei masteroppgåve. Emnet tek sikte på å gi eit godt startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve gjennom kritisk analyse og diskusjon av sentral litteratur innafor eit forskingsfelt. Studentane skal skrive ei oppgåve. Val av tema for oppgåva skjer i samråd med rettleiar. Studentane skal òg lære seg munnleg presentasjon og diskusjon av fagstoffet.
Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar.
Læringsutbyte
Studenten har avslutta emne følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar innan eit tematisk avgrensa forskingsfelt og oversikt over den viktigaste litteraturen.
- kjenner til dei mest sentrale synspunkta, teoriane og metodane innan feltet.
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulere problemstillingar og finne fram til relevant forskingslitteratur i tilknyting til desse.
- kan sjølvstendig analysere grunnlaget for dei forskjellige synspunkta, teoriane og metodane i denne forskingslitteraturen.
Generell kompetanse
Studenten
- demonstrerer evne til å analysere og dokumentere vitskapleg gjennom det skriftlege arbeidet.
har evne til å presentere faglege problemstillingar munnleg og i diskusjonar med faglærarar og medstudentar.