Historisk forskingslitteratur

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir studentane ei innføring og orientering i eit forskingsfelt i historiefaget som kan vere relevant for ei masteroppgåve. Emnet tek sikte på å gi eit godt startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve gjennom kritisk analyse og diskusjon av sentral litteratur innafor eit forskingsfelt. Studentane skal skrive ei oppgåve. Val av tema for oppgåva skjer i samråd med rettleiar. Studentane skal òg lære seg munnleg presentasjon og diskusjon av fagstoffet.

Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar.

Trykk her for meir informasjon masterseminara

Læringsutbyte

Studenten har avslutta emne følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar innan eit tematisk avgrensa forskingsfelt og oversikt over den viktigaste litteraturen.
  • kjenner til dei mest sentrale synspunkta, teoriane og metodane innan feltet.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere problemstillingar og finne fram til relevant forskingslitteratur i tilknyting til desse.
  • kan sjølvstendig analysere grunnlaget for dei forskjellige synspunkta, teoriane og metodane i denne forskingslitteraturen.

Generell kompetanse

Studenten

  • demonstrerer evne til å analysere og dokumentere vitskapleg gjennom det skriftlege arbeidet.

har evne til å presentere faglege problemstillingar munnleg og i diskusjonar med faglærarar og medstudentar.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som er tekne opp på mastergradsstudiet i historie ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i masterseminar. Instituttet tilbyr ulike masterseminar inndelt i tema/periodar. Studenten vel relevant masterseminar i samråd med rettleiar. Studenten deltar aktivt med å leggja fram og diskutera oppgåvetekstar i seminaret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Studentane skal skriva ei oppgåve på om lag 6000 ord.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Studentane må velje ut eit pensum på om lag 1200 sider i samråd med rettleiar.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.