Historiografi
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeHIS302
- Talet på semester1
- SpråkEmnet vert normalt undervist på norsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Masternivå
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Undervisninga har som mål å lære studenten om historieskrivingens og historiefagets historisitet. Gjennom å diskutere historia til historieskrivinga frå dei eldste tider til i dag, vil studenten få innblikk i ei rekkje forståingar av- og tilnærmingar til historie. Historie og historieskrivingas funksjonar vil også bli diskuterte. Ikkje minst vil undervisninga ha som mål å formidle eit globalt perspektiv på historie og historieskriving, i tillegg til det europeiske og det norske/skandinaviske. I denne samanhengen skal studenten også få ei innføring i ulike analysenivå, slik som det lokale, det regionale, det nasjonale og det transnasjonale/ globale.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kjenner til hovudlinjer i korleis historieskriving og historiefaget har endra seg både internasjonalt og i Noreg.
- har kunnskap om ulike forståingar av historie og historieskriving, og dessutan også diskusjonar om ulike analysenivå i historiske og historiografiske tilnærmingar.
Ferdigheiter
Studenten
- kan plassere historiske arbeid i ein historisk og historiografisk kontekst, relatere seg til eit utval av forståingar av historie og historieskriving, og dessutan ha oversikt over historiske og historiografiske analysenivå.
Generell kompetanse
Studenten
- har kompetanse i korleis historiefaget har blitt forstått og praktisert.
- er i stand til å kontekstualisere og historisere både fortida og forsking om fortida, og til å vurdere spørsmål om analysenivå.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
6-timars skuleeksamen
Av smittevernomsyn er vurderingsforma våren 2021 endra til 6 timars skriftleg eksamen heimefrå med 1 time teknisk tillegg.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider pensumlister på om lag 1200 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar kan kontaktast her:studierettleiar@ahkr.uib.nostudierettleiar@ahkr.uib.no
Tlf 555 82300
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime
- Dato
- 04.03.2021, 09:00
- Varigheit
- 7 timer
- Trekkfrist
- 17.02.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen