Historiografi for lektorstudentar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Undervisninga har som mål å lære studenten om historieskrivinga og historiefaget si historisitet. Gjennom å diskutere historia til historieskrivinga frå dei eldste tider til i dag, vil studenten få innblikk i ei rekkje forståingar av- og tilnærmingar til historie. Historie og historieskrivingas funksjonar vil også bli diskuterte. Ikkje minst vil undervisninga ha som mål å formidle eit globalt perspektiv på historie og historieskriving, i tillegg til det europeiske og det norske/skandinaviske. I denne samanhengen skal studenten også få ei innføring i ulike analysenivå, slik som det lokale, det regionale, det nasjonale og det transnasjonale/ globale.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kjenner til hovudlinjer i korleis historieskriving og historiefaget har endra seg både internasjonalt og i Noreg. Studenten har kunnskap om ulike forståingar av historie og historieskriving, og dessutan også diskusjonar om ulike analysenivå i historiske og historiografiske tilnærmingar.

Ferdigheiter

Studenten kan plassere historiske arbeid i ein historisk og historiografisk kontekst, relatere seg til eit utval av forståingar av historie og historieskriving, og dessutan ha oversikt over historiske og historiografiske analysenivå.

Generell kompetanse

Studenten har kompetanse i korleis historiefaget har blitt forstått og praktisert. Studenten er i stand til å kontekstualisere og historisere både fortida og forsking om fortida, og til å vurdere spørsmål om analysenivå.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Normal studieprogresjon på lektorprogrammet
Studiepoengsreduksjon
HIS302 og HIS302L har fullt fagleg overlapp, og dei to emna kan ikkje kombinerast.
Krav til studierett
Opptak til lektorutdanninga ved Det humanistiske fakultet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av forelesingar og/eller seminar, normalt om lag 25 undervisningstimar totalt.Undervisninga kan bli konsentrert til fyrste halvdel av semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
4-timar skoleeksamen på inntil 1500 ord.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret.
Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturlister på om lag 800 sider.

Litteaturlista er tilgjengeleg frå 1. juni / 1. desember.

Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap