Historie: Forskingsproblem og kjeldearbeid

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal lære å formulere historiske problem og klargjere kva litteratur og kjelder som kan nyttast til å løyse problemet. Metodiske problem knytte til bruken av ymse kjeldetypar høyrer med til emnet.

I dette emnet lærer studenten korleis dei skal førebu ei forskingsoppgåve med særleg vekt på problemformulering, avgrensing og kjeldekunnskap.

Studentane skriv ei oppgåve. Oppgåva vil kunne innehalde avgrensing av tema, problemformulering og drøfting av kva litteratur og kjelder som vil vera relevante for testing av hypotesar som er avleidde av problemformuleringa, gi konkrete døme på slike kjelder, drøfte problem knytt til bruken av dei og gjerne også døme på analyse.

Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar.

Trykk her for meir informasjon masterseminarene

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har studenten djupare innsikt i historisk metode knytt til bruken av ulike kjeldetypar innan eit historisk tema.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utvikle og formulere historiske problemstillingar innan eit avgrensa tema.
  • er i stand til å klargjere og avgrense kva litteratur og kjelder som kan nyttast til å løyse problemet.
  • kan studenten analysere forskingslitteratur/kjelder sjølvstendig og trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.

Generell kompetanse

Studenten

  • har grunnleggande kompetanse i å kartlegge og vurdere kjeldemateriale for historisk forsking og formulering av eit sjølvstendig forskingsprosjekt innan ei avgrensa tidsramme.
  • viser sjølvstendige evner gjennom dei skriftlege arbeida til å analysere, syntetisere og dokumentere vitskaplege framstillingar.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
HIS303 har fagleg overlapp med HIS303L, og dei to emna kan ikkje kombinerast.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som er tekne opp på mastergradsstudiet i historie.
Arbeids- og undervisningsformer

Studenten får rettleiing i arbeidet med oppgåva. Undervisninga skjer i masterseminar og studenten vil kunne leggja fram utkast til diskusjon i masterseminaret ein tilhøyrer.

Undervisninga vil elles vere organisert slik at det vil vere praktisk mogleg for ein student å arbeida med kjelder andre stader enn i Bergen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Studentane skriv ei oppgåve på om lag 6000 ord. Studentane får ei individuell tilbakemelding på oppgåva.
Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Studentane vel sjølve ut relevante læremiddel i samråd med rettleiar.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.