Historie: forskingsproblem og kjeldearbeid for lektorstudentar
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeHIS303L
- Talet på semester1
- SpråkNorsk / skandinavisk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
-
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen. Men undervisninga vil delvis vere organisert slik at det vil vere praktisk mogleg for ein student å arbeida med kjelder andre stader enn i Bergen.
Mål og innhald
Studentane skal lære å formulere historiske problem og klargjere kva litteratur og kjelder som kan nyttast til å løyse problemet. Metodiske problem knytte til bruken av ymse kjeldetypar høyrer med til emnet.
I dette emnet lærer studenten korleis dei skal førebu ei forskingsoppgåve med særleg vekt på problemformulering, avgrensing og kjeldekunnskap.
Studentane skriv ei oppgåve. Oppgåva vil kunne innehalde avgrensing av tema, problemformulering og drøfting av kva litteratur og kjelder som vil vera relevante for testing av hypotesar som er avleidde av problemformuleringa, gi konkrete døme på slike kjelder, drøfte problem knytt til bruken av dei og gjerne også døme på analyse.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har djupare innsikt i historisk metode knytt til bruken av ulike kjeldetypar innan eit historisk tema.
Ferdigheiter
- Studenten kan utvikle og formulere historiske problemstillingar innan eit avgrensa tema.
- Studenten er i stand til å klargjere og avgrense kva litteratur og kjelder som kan nyttast til å løyse problemet.
- Studenten kan analysere forskingslitteratur/kjelder sjølvstendig og trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.
Generell kompetanse
- Studenten har grunnleggjande kompetanse i å kartlegge og vurdere kjeldemateriale for historisk forsking
- Studenten kan formulere eit sjølvstendig forskingsprosjekt innan ei avgrensa tidsramme.
- studenten har sjølvstendige evner til å analysere, syntetisere og dokumentere vitskaplege framstillingar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Normal studieprogresjon i lektorprogrammet
Krav til studierett
Opptak til lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap (med historie som fag 1) ved Det humanistiske fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Studenten får rettleiing i arbeidet med oppgåva. Undervisninga skjer i masterseminar og studenten vil kunne leggja fram utkast til diskusjon i masterseminaret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Ei oppgåve på 4000-5000 ord.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Det er òg mogleg å ta eksamen tidleg i undervisingsfritt semester (haust).
Litteraturliste
Studentane set i samråd med rettleiar opp ei liste med relevant litteratur.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Det humanistiske fakultet.
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Oppgåve
- Innleveringsfrist
- 03.06.2021, 13:00
- Trekkfrist
- 20.05.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen