Fordjupning i historie
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HIS307
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studentane skal skrive ei oppgåve som skal bidra til å gi auke forståing og kunnskap innafor eit spesialisert felt i historiefaget. Det spesialiserte feltet kan vere ein teknikk, ein metode eller eit avgrensa og relevant tema for masterprosjektet.
Læringsutbyte
Kunnskapar:
Ved fullført emne har studenten grunnleggjande og praktiske kunnskapar innan den valde spesialiseringa.
Ferdigheiter:
Studenten kan praktisk bruke det valde spesialiserte feltet sjølvstendig i eige arbeid, og kan vurdere spesialiseringa kritisk.
Generell kompetanse:
Studenten har evne til å setja seg inn i relevant litteratur og bruke denne innsikta på ein praktisk-metodisk måte.
Studienivå (studiesyklus)
Masternivå
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Emnet er ope for alle tekne opp på masterprogrammet i historie, UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Studentane sitt arbeid med emnet er knytt til utarbeiding av ei rettleia skriftleg oppgåve.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Studenten skal skrive ei oppgåve på 2000 - 4000 ord (ca. 5-10 sider).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Oppgåva blir vurdert til bestått/ikkje-bestått
Litteraturliste
Studentane må velje ut eit pensum i samråd med rettleiar. Pensum kan ha eit omfang på opp til 400 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.