Hjem
Studentsider
Masteremne

Historieformidling

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeHIS308
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Gjennom studiet vil studentane få betre kjennskap til ulike formidlingsformer i historie, og aktuelle problemstillingar som reiser seg i møtet mellom historie som forskingsfag og samfunnets behov og forståingshorisont.

Studentane skal tileigne seg teoretisk kunnskap knytt til samfunnets historiebruk, samt øve opp praktiske ferdigheiter i historieformidling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kjenner til relevante teoretiske tilnærmingar til fortidsformidling som fenomen, og kva utfordringar ein som historikar står overfor når det gjeld å formidle ein fagleg bodskap til eit breiare publikum.
  • kjenner til ulike faglege formidlingsformer, og dei spesifikke utfordringane desse formidlingsformene representerer.

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å vurdere og analysere ulike former for fortidsformidling ut frå ein teoretisk ståstad.
  • er også i stand til å kunne utvikle og kritisk reflektere rundt eiga formidling.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdere og analysere ulike former for fortidsformidling, og sjølv formidle eit fagleg tema til eit breiare publikum.

Krav til forkunnskapar

-

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar som er tatt opp til mastergradsstudium i historie ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som førelesningar, seminar og besøk ved ulike verksemder som driv med historieformidling.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • 2 seminarframlegg på omlag 1500 ord.

Vurderingsformer

  • Mappevurdering
  • Justerande munnleg prøve

Mappa skal innehalde to tekstar som vert vekta likt.

Den fyrste teksten skal formidle eit historiefaglig tema til eit breiare publikum. Sjanger kan være ein populærhistorisk artikkel, ein aviskronikk, eit intervju, ein leksikonartikkel eller ein læreboktekst. I særlige tilhøve kan andre sjangrar nyttast etter avtale med faglærar. Teksten må ha eit tema knytt til studentens masteroppgåve. Det må klart gå fram i kva samanheng teksten er tenkt publisert. Den fyrste teksten skal ha et omfang på inntil 1500 ord.

Den andre teksten skal være ein analyse av ein case kor historie vert formidla, f.eks. eit minnesmerke, ei museumsutstilling, ein film/tv-serie eller ei bokutgjeving. Analysen skal bygge på relevante perspektiv frå pensum, og ha eit omfang på om lag 3000 ord. Val av case foretas i samråd med faglærer.

Totalt skal mappa ha eit omfang på om lag 4500 ord, og gis ein samla karakter.

Mappa følgjes opp av en munnleg individuell eksamen på 20 min. der mappetekstane vert diskuterte. Munnleg eksamen kan justere karakteren med maksimalt ein karakter. Mappa må være stått for å kunne gå opp til munnleg eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Litteraturlista er på om lag 600-750 sider. I tillegg utarbeider studentane ei liste med sjølvvalt litteratur på om lag 600-750 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontakt