Historikarens arbeidsmåtar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi studentane eit praktisk og analytisk grunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve. Dette vil bli gjort ved å etablere ein kritisk haldning til metodar, tilnærmingar og arbeidsmåtar innan historisk forsking.

Emnet har tre hovudkomponentar: A) Arkivkunnskap og informasjonskompetanse, B) Kjelde og metode C) arbeidsmåtar i historiefaget.

Under arbeidsmåtar i historiefaget skal studenten kunne meistre ulike analysemåtar, så som kvalitative (tolking av tekst), kvantitative, komparative metodar og metodar for ikkje-tekstlege kjeldetypar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kjenner til prinsippa for arkivdanning og ¿organisering, for attfinning og informasjonssøk i arkiv og digitale ressursar.
  • har innsikt i kjeldekritikk og metode, sentrale hjelpevitskapar og ulike analysemåtar nytta i historiefaget.
  • kjenner til problem som er knytt til ulike tilnærmingar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte eigna verktøy for å hente fram informasjon og dessutan bruke ulike tilnærmingar for å analysere eit historisk kjeldemateriale.
  • meistrar ulike analysemetodar opp mot forskjellige problemstilling så vel som typar av kjeldemateriale

Generell kompetanse

Studenten

  • har kompetanse i å vurdere og rangere informasjonskjelder for historisk arbeid og dessutan evne til å kritisk vurdere metodebruk og arbeidsmåtar i forsking og framstillingar.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisninga går føre seg i fyrste halvdel av semesteret (undervisningsblokk vår 1).

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
-
Tilrådde forkunnskapar
HIS203 eller tilsvarande emne i kjelde og kjeldekunnskap.
Studiepoengsreduksjon
HIS304 - Tema: Dokumentasjonsanalyse
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i form av praktiske innføringar, førelesingar og/eller seminar, med eit total omfang på 25-30 undervisningstimar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppgåve i delkomponent A) Arkivkunnskap og informasjonskompetanse
Vurderingsformer

7-dagars heimeeksamen på om lag 3000 ord.

Heimeeksamen vil vere ei praktisk oppgåve i kjelde- eller analysearbeid.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Vår

Eksamen vert halden ved utgangen av undervisningsblokk vår 1 (midt i vårsemesteret).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider

Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.