Historie mastergradsoppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vere ei vitskapleg avhandling som bygger på eit sjølvstendig studium av historiske kjelder og/eller historisk litteratur.

Gjennom forskingspraksis skal masteroppgåva gi studentane djupare innsikt i teori og metode innafor historieforskinga. Det skal og gi studentane ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale i tillegg til innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studentane skal sjølve bruke fagets teori, metodar, teknikkar og forskingsetikk i løysinga av historiske problem.

Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar.

Trykk her for meir informasjon masterseminara

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • er ein fagekspert innan sitt forskingsfelt.
  • har ein brei empirisk kunnskapsbase.
  • har innsikt i fagtradisjonar, forskingsetiske problemstillingar samt ei solid forståing av metodar og teoriar som analytiske verktøy.

Ferdigheiter

Studenten

  • er kompetent i utøving av forskingsarbeid på ein sjølvstendig måte.
  • kan etablere problemstillingar som kan leie til ny historisk kunnskap innan eit valt forskingsfelt.
  • har studenten ferdigheiter i kartlegging og evaluering av kjelder og litteratur, og basert på dette kan studenten ekstrahere, systematisere og analysere informasjonstilfanget.
  • har både praktisk og prinsipiell forståing av historisk metode, kan gjennomføre kritisk analyse av tekst og kjelder, dokumentere eigne slutningar og posisjonere eige bidrag i forhold til etablert kunnskap på det gjeldande forskingsfeltet.
  • kan formidle forskingsarbeid på ein kyndig og forståeleg måte i skriftleg form.

Generell kompetanse

Studenten

  • demonstrerer sin kompetanse til å utøve historisk forsking og formidling i samsvar med faget sine grunnleggande normer og metodar som akademisk disiplin.
  • er kvalifisert til å handtere, vurdere og analysere komplekse saksbilete, syntetisere relevant informasjon samt å grunngje eigne slutningar.
  • viser evne til å problematisere og reflektere kring omgrep, kunnskap, teori og metode.
  • har kompetanse i fagleg diskusjon og kommunikasjon både skriftleg og munnleg.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
For å kunne levere masteroppgåva må studenten ha avlagt og bestått eksamen i HIS301 og HIS303, samt i andre godkjende emne tilsvarande 30 studiepoeng.
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
I oppgåva er det naturleg at studenten også trekker på kunnskapar opparbeidde gjennom oppgåvene i kursdelen. Direkte gjenbruk av tekstdelar frå disse oppgåvene er likevel ikkje tillat, på same måte som det ikkje er tillat å bruke oppatt tekstdelar frå andre bedømte eksamensoppgåver.
Krav til studierett
Emnet er tilgjengeleg for studentar som er tekne opp til masterstudiet i historie
Arbeids- og undervisningsformer

Alle studentar som er tekne opp til mastergradsstudiet ved institutt for AHKR, har rett til individuell rettleiing i arbeidet med masteroppgåva. Rettleiinga er regulert gjennom ei individuell rettleiingsavtale.

Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar. Studentane følgjer det same masterseminaret som rettleiarane sine. På masterseminara skal studentane delta jamleg med framlegging og diskusjon av oppgåvetekstar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal ta imot rettleiing kvart semester under arbeidet med masteroppgåva. Ei rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter skal skrivast under av student, rettleiar og fagkoordinator.
Vurderingsformer
  • Masteroppgåve
  • Munnleg prøve
  • Masteroppgåva skal ha eit samla sidetal på om lag 70-110 sider. Masteroppgåva skal leverast elektronisk via Inspera. Det vert gitt eigen karakter på masteroppgåva. Deretter vert mastergraden avslutta med ein munnleg eksamen som tar utgangspunkt i masteroppgåva. Denne munnlege karakteren kan justera karakteren på masteroppgåva éin karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

    Karakterskala
    Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
    Vurderingssemester
    Haust og vår
    Litteraturliste
    Studentane vel sjølve ut relevante læremiddel i samråd med rettleiar
    Emneevaluering
    Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ikkje relevant.
    Programansvarleg
    Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
    Emneansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og kvaliteten på HIS350.
    Administrativt ansvarleg
    Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap