Undervisning i kontroversielle tema
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HRDID600
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet rettar seg mot lærarar som underviser i KRLE og Samfunnsfag (ungdomsskulen) og religion og etikk og historie (vidaregåande skule).
Emnet tek opp og problematiserer undervisning i kontroversielle tema med historisk og samtidig perspektiv. Sentrale teamområde er tilhøvet mellom historisk minne og forgløyming, historiebruk, fleirkulturalitet, media og populærkultur.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskapar om kva som kan opplevast som kontroversielle tema i ulike settingar i tid og rom.
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektera over undervisning i kontroversielle tema.
- kan perspektivera eiga undervisning i kontroversielle tema.
- leia diskusjonar om kontroversielle tema i klasserommet.
Generell kompetanse
Studenten
- har kunnskapar om teoretiske perspektiv og empiriske døme på undervisning i kontroversielle tema.
- har kunnskapar om tilhøvet mellom kontroversielle tema i undervisninga og samfunnet elles.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Opptak ved UiB Videre.
Opptaksgrunnlaget er lærar eller lektor med undervisningskompetanse tilsvarande 30 studiepoeng i dei aktuelle skulefaga.
Emnet har 20 plassar. Dersom det er fleire søkarar enn plasser vil søkarar frå praksisskoler bli prioritert.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Semesteroppgåve.
- Munnleg eksamen (justerande).