Hjem
Studentsider
Masteremne

Måleteknologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår. Frå og med hausten 2023 vil emnet gå kun haust.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Sjå og informasjon under «Krav til studierett».

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi inngåande kunnskap i måleteknologi, instrumentering og reguleringsteknikk som grunnlag for å kunne ta i bruk tilhøyrande relevante metodar og teknikkar i forskings- og utviklingsarbeid.

Innhald

Emnet tar opp tema som det generelle målesystem, berekning av måleusikkerhet, beskriving av dynamiske system i tids- og frekvensdomene, inkludert karakterisering av desse. I tillegg inkluderer emnet tema som signal og støy i målesystem, karakteristikkar for mykje nytta sensorelement, tilbakekopla system, samt virkemåte og typiske karakteristikkar for strøymingsmålarar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om elementa i det generelle målesystem og berekning av måleusikkerhet
  • har inngåande kunnskap om representasjon av dynamiske system i tids- og frekvensdomene, samt bruken av tilbakekopla reguleringssystem og PID regulatorar
  • har avansert kunnskap om standard strømingsinstrumentering

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke standard teknikkar for å berekne kombinert måleusikkerhet i et system av måleelement
  • kan beskrive dynamiske system i tids- og frekvens domene og analysere desse
  • kan nytte utvalde signalbehandlingsteknikkar som autokorrelasjon og krysskorrelasjon

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere relevante målesystemtekniske system

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS114

Studiepoengsreduksjon

PHYS225: 10 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Emnet har et avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Vidare gjeld følgande for tilgang til emnet:

  • I haustsemesteret er plassane på emnet reservert for studentar med studierett på 5-årig integrert masterprogram i havteknologi og 2-årig masterprogram i havteknologi. Eventuelle ledige plassar kan tildelast andre studentar etter prinsippa som gjeld for undervisningsopptaket.
  • I vårsemesteret er plassane på emnet reservert for studentar med studierett på 5-årig integrert masterprogram i medisinsk teknologi og 2-årig masterprogram i fysikk. Eventuelle ledige plassar kan tildelast andre studentar etter prinsippa som gjeld for undervisningsopptaket.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningen gis i form av førelesningar og rekneøvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Midtvegseksamen (fleirvalsoppgåver) som utgjer 30 % av karakteren. Midtvegseksamen er gyldig i semesteret den tas og i tre påfølgande semester.
  • Munnleg eksamen (30 minutt) som utger 70 % av karakteren.

Begge vurderingsdeler må være bestått for å kunne få bestått emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

På midtvegseksamen er det tillatt med enkel kalkulator i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. Tidleg eksamen er kun tilgjengeleg for studenter med rett til ny vurdering grunna gyldig fråvær ved avsluttande eksamen i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. Juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her: studie.htek@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: SAMMENSATT

    Dato
    22.05.2023
    Varigheit
    1 timer
    Trekkfrist
    01.05.2023
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

      Eksamensperiode
      22.05.2023–23.05.2023
      Varigheit
      8 timer
      Andre opplysninger
      Individuelt tidspunkt for eksamen oppgis av emneansvarlig noen uker i forkant
    • Eksamensdel: Fleirvalsoppgåve

      Dato
      17.03.2023, 09:00
      Varigheit
      2 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted