Hjem
Studentsider
Masteremne

Laboratoriekurs i måleteknologi og instrumentering

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeHTEK202
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Sjå og informasjon under «Krav til studierett».

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi trening i PC-basert datainnsamling, analyse og styring med bruk av standard måleinstrument og prosessinstrumentering.

Innhald

Emnet tar opp tema som PC-basert kommunikasjon med måleinstrument via standard kommunikasjonsprotokoller, samt inn- og ut-lesing av elektriske spenningar via standard multifunksjons-datainnsamlingskort. I tillegg tar emnet opp tema som signalrespons på 1. og 2. ordens system, kalibrering av standard sensorar for temperaturmåling, samt regulering av dynamiske system. Vidare inneheld kurset utlesing av data og styring av en to-fase (luft/vann) strøymingsrigg.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har avanserte kunnskapar om bruk av måleinstrument og standard kommunikasjonsprotokollar mellom PC og måleinstrument, og mellom PC og eksperiment
  • har inngåande kunnskap om linearisering av prosesser og dekopling av kopla prosessar
  • har inngåande kunnskap om virkemåten til en to-fase strøymingsrigg

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kople opp eksperimentelle oppsett, samt bruke standard måleinstrument
  • kan nytte programmeringsverktøy for PC-basert datainnsamling og presentasjon av måledata
  • kan bestemme den fysiske modellen til eit multivariabelt reguleringssystem og regulere dette basert på programmering av ein PID-regulator

Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende kunnskapar og ferdigheter innan PC-basert datainnsamling, analyse og styring for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekter på nye måletekniske områder
  • kan planlegge og gjennomføre eit eksperimentelt arbeid basert på gruppesamarbeid, samt kan skrive ein laboratorierapport etter på førehand oppsette krav

Krav til forkunnskapar

HTEK201 eller PHYS225

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

PHYS227 (10 SP)

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Emnet har et avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Vidare gjeld følgande for tilgang til emnet:

  • I vårsemesteret er plassane på emnet reservert for studentar med studierett på 5-årig integrert masterprogram i havteknologi og 2-årig masterprogram i havteknologi. Eventuelle ledige plassar kan tildelast andre studentar etter prinsippa som gjeld for undervisningsopptaket.
  • I haustsemesteret er plassane på emnet reservert for studentar med studierett på 5-årig integrert masterprogram i medisinsk teknologi og 2-årig masterprogram i fysikk. Eventuelle ledige plassar kan tildelast andre studentar etter prinsippa som gjeld for undervisningsopptaket.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningen gis i form av førelesningar og laboratorieoppgåver.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende laboratorierapportar for alle laboratorieoppgåver. Godkjend obligatorisk aktivitet er laboratorierapportar er gyldig i 2 påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Godkjende laboratorierapportar som utgjer 30% av endeleg karakter
  • Munnleg eksamen (praktisk/ teoretisk) på laboratoriet (30 minutt) som utgjer 70% av endeleg karakter

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. Tidleg eksamen er kun tilgjengeleg for studenter med rett til ny vurdering grunna gyldig fråvær ved avsluttande eksamen i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. Juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studie.htek@uib.no