Hjem
Studentsider
Masteremne

Utvalde emne innan havteknologi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeHTEK301
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gje avansert kunnskap om utvalde teknologiar og målemetodar i relativt nyleg gjennomført forsking og teknologiutvikling innan havteknologi.

Innhald

Emnet består av et utval modular blant anna innan føljande tema;

  • Kommunikasjon av data i vatn
  • Avansert berekning av måleusikkerheit
  • Installasjon og intervensjon av utstyr i havet
  • Fornybar energi til havs
  • Fiskeri- og havbruksteknologi
  • Olje- og gass utvinning

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • er i kunnskapsfronten i utvalde tema innan havteknologi
  • kan vurdere hensiktsmessigheten ved bruk av ulike teknologiar og målemetodar i havteknologi

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forklare fysikkgrunnlaget i dei aktuelle teknologiane og måleprinsippa i havteknologi, samt greie ut om fordelar og avgrensingar i desse i ulike bruksområder
  • kan grunngje val av teknologisk løysing og måleprinsipp basert på krav til bruksområde, ytre faktorar, forventa levetid for utstyret, kostnad, sikkerheit med meir

Generell kompetanse

Studenten

  • kan identifisere og utvikle nye teknologiske løysingar og måleprinsipp for problemstillingar i havteknologi

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS225/HTEK201

Studiepoengsreduksjon

PHYS328 (10 SP)

Krav til studierett

Før oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ph.d.-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningen gis i form av førelesningar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Munnleg eksamen (45 minutt) som utgjer 100% av endeleg karakter

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. Juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studie.htek@uib.no