Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteroppgåve i havteknologi

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeHTEK399
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

fulltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje kandidaten teoretiske kunnskaper og praktiske ferdigheter på høgt nivå innenfor havteknologi med fordjuping i et gitt felt. Basert på denne kunnskapen og ferdigheter skal kandidaten være istand til å gjennomføre ei forskningsbasert master oppgåve innen forskningsfeltet.

Kandidaten skal både kunne nyttegjerne seg av etablert kunnskap og ta del i den videre utviklingen av fagfeltet. Ein kandidat som gjennomfører masterprogrammet vil få erfaring fra egne resultat og teorier både munleg og skriftleg, samt trening i å innhente og evaluere relevant vitskapleg litteratur.

Innhald:

Forskningsfeltet som ein kan velje masteroppgåve innan, spenner over fleire område innan havteknologi, som til dømes miljøovervåking, fiskeri- og havbruksteknologi, marine mineralressurser og olje- og gass-utvinning. Teoretiske fordjupningings-emne velges avhenging av tema for master oppgåva.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • Har inngåande kunnskapar innan eit eller fleire av dei faglege områda: «Marin måle-og styringsteknologi» (akustikk eller optikk) og «Marine installasjoner» (konstruksjon/ drift og vedlikehold).
  • Har kunnskap om vitskaplege metodar som er naudsynte for vitskaplege studium og abalyser.

Ferdigheiter:
Studenten

  • Kan bidra til å løyse problem og finne løysingar innan feltet havteknologi
  • Kan bidra med fagleg utviklingsarbeid på teknologi og metodar som vert nytta innan fagområdet havteknologi
  • Kan planlegge eksperiment og gjere kvantitative berekningar og analyser av innsamla data

Generell kompetanse
Studenten

  • Kan nytte sine ferdigheter og kunnskaper til å analysere og identifisere problemstillingar innan havteknologi
  • Kan kommunisere faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar til fagspesialistar
  • Kan bidra til nytenking og innovasjon i utviklinga av ny havteknologi

Krav til forkunnskapar

For studentar på 5-årig integrert masterprogram i havteknologi:
Studenten må ha gjennomført og bestått alle emne i foregående 7 semester for å kunne bli tatt opp til emnet.

For studentar på 2-årig masterprogram i havteknologi:
Studenten må ha gjennomført og bestått alle emne i første semester for å kunne bli tatt opp til emnet.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til enten det 5-årige integrerte masterprogrammet i havteknologi (sivilingeniør) eller det 2-årige masterprogrammet i havteknologi ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. I tillegg, må du oppfylle eventuelle forkunnskapskrav.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forskningsarbeidet er individuelt og utføres under veiledning. Studenten deltar i den einskildes forskningsgruppeaktiviteter som vanligvis omfattar vekentlege gruppemøter.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Innlevert masteroppgåve, presentasjon og munnleg eksamen

Etter at masteroppgåva er levert og godkjent, vert studiet avslutta med ein munnleg mastereksamen. Denne eksamenen består av ein offentleg presentasjon på rundt 30 minutt der studenten sjølv gjev ein oversikt over oppgåva. Sensor og rettleiar skal vere til stades ved den offentlege presentasjonen. Deretter følgjer ein munnleg eksaminasjon/samtale med sensor og rettleiar om oppgåva.

Før presentasjonen skal det vere sett ein karakter på oppgåva. Presentasjonen kan saman med den påfølgjande munnlege eksaminasjonen/samtalen vere justerande på den endelege karakteren på oppgåva. Det er den endelege karakteren som vert gjort kjent for kandidaten og som kjem fram på karakterutskrifta.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studeprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast på e-post: studie.htek@uib.no

Telefon: 55 58 27 53

Eksamensinformasjon