Hjem
Utdanning
Masteremne

Evaluering, kvalitetsovervaking og tolking av biokjemiske analysar

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterArray
  • EmnekodeHUCEL350A
  • Talet på semester
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål: Emnet skal gje ein introduksjon til intern og ekstern kvalitetskontroll av biokjemiske analysar, metodevalidering ved etablering av nye analysar og etablering av referansegrenser og kliniske beslutningsgrenser. Emnet er spesielt egna for bioingeniørar og legar som arbeider med medisinsk biokjemi.

Innhald: Usikkerheit i målingar. Analytisk og biologisk variasjon. Preanalytiske, analytiske og postanalytiske feilkjelder. Intern kvalitetskontroll. Kontrollregler. Avviksbudsjett. Ekstern kvalitetskontroll. Evaluering av nye laboratorieanalysar. Utarbeiding av valideringsrapport med linearitet, gjenfinning (recovery), deteksjonsgrenser, kvantifiseringsgrenser, presisjon, overdraging (carry-over) og haldbarheit. Samanlikning av analysemetodar. Klinisk beslutningsteori. Etablering og verifisering av referanseområde. Lover og forskrifter som regulerer medisinsk laboratorieverksemd. Biokjemiske screeningprogram.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter gjennomført semester kan studenten:

  • Ha god kunnskap om kvalitetsovervaking av laboratorieanalysar
  • Ha god kunnskap om interne og eksterne analysekontrollsystem og analytiske kvalitetskrav
  • Ha god kunnskap om metodar for å vurdere diagnostisk nøyaktigheit
  • Ha god kunnskap om etablering og verifisering av referanseområde
  • Ha god kunnskap om preanalytiske, analytiske og postanalytiske feilkjelder
  • Ha god kunnskap om etablering av nye analysar i laboratoriet
  • Ha god kunnskap om vurdering av kostnad/nytte ved etablering av nye analysar
  • Ha kjennskap til uttrekk og analyse av data fra laboratorieinformasjonssystem (LIS)
  • Ha kjennskap til prinsipper for biokjemisk screeningprogram, fordeler og ulemper
  • Ha kjennskap til lover og forskrifter som regulerer medisinsk laboratorieverksemd

Ferdigheitar

Etter gjennomført semester kan studenten:

  • Rekna ut standardavvik og variasjonskoeffisient basert på fleire variasjonskjelder
  • Rekna ut signifikant endring for å vurdera om to resultat er reelt ulike
  • Vurdera Levey-Jennings plott og bruka Westgards kontrollreglar
  • Rekna med totalfeil og bruka avviksbudsjett
  • Bruka styrkediagram og vurdera val av kontrollregel
  • Bruka differanseplott, korrelasjonsdiagram og regresjonsanalyse ved samanlikning av analysemetodar
  • Vurdera ein valideringsrapport, inkludert linearitet, måleområde, riktigheit, presisjon, riktigheit, interferens og haldbarheit
  • Bruka sentrale konsept i klinisk beslutningsteori, som sensitivitet, spesifisitet, prediktiv verdi, sannsynsratio, pretest- og posttest-odds og ROC-kurver
  • Etablera og verifisera referansegrenser
  • Vurdera usikkerheit i referansegrenser og kliniske beslutningsgrenser
  • Vurdera når det er behov for å etablera eigne referanseområde for subgrupper
  • Bruka pasientdata til å vurdera referansegrenser

Generell kompetanse

Etter gjennomført semester kan studenten:

  • Arbeida sjølvstendig og i gruppe
  • Ha gode kunnskapar om grunnleggjande statistiske metodar
  • Kritisk vurdera analysemetodar og analysesvar
  • Kritisk vurdera referanseområde og kliniske beslutningsreglar

Krav til forkunnskapar

Grunnleggjande kjennskap til statistikk og analysemetodar i biokjemi.

Krav til studierett

Opptak til masterprogram i human ernæring, eller masterprogram i klinisk ernæring. Studentar frå andre studieretningar ved eller utanfor Universitetet i Bergen kan søke om hospitantstatus innan 1. desember / 1. juni for komande semester. Studentane kontaktar fakultetet eller instituttet direkte. Sjå http://www.uib.no/mofa/studentskjema#opptak-og-studierett-nbsp- for meir informasjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

9 doble førelesingstimar. Diskusjon og heimearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Øvingsoppgåve

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Kontakt