Basic Course in Flow Cytometry

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Grunnleggande introduksjon til flow cytometri. Den teoretiske delen av kurset skal gjere studentane i stand til å forstå bruksområde for flow cytometri. Desse vil bli presentert på seminar leia av kursansvarleg før bruk i den praktiske delen.

Innhald:

Teoretisk del:

  • Teoretisk innføring i flow cytometri og nokre av dei mest brukte bruksområda

Praktisk del: Opplæring og bruk av lokal flow cytometer (BD AccuriC6)

  • Kvantifisering av apoptotiske celler
  • Cellesyklusanalyser
  • Enkel farging av celler med overflatemarkørar
  • Analyse av transfekterte celler

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • er kjende med grunnleggande bruksområde for flow cytometri
  • vet kva og kor mange ulike fluorokromar ein kan nytte på eit gjeve flow cytometer
  • er i stand til å vurdere kvaliteten av flow cytomteri-data

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planlegge og gjennomføre enkle eksperiment med flow cytometri
  • kan kvalitetssikre genererte flow cytometri-data
  • kan presentere data frå flow cytometri på ein vitskapleg måte

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har ei grunnleggande forståing for flow cytometri
  • forstår bakgrunnen for å nytte flow cytometri i bestemte forskingsproblem
  • er i stand til å tolke enkle flow cytometri-data

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master, Ph.D

Undervisningssemester

Vår

Det er ingen direkte registrering, men kvar person som vil delta må kontakte emneansvarleg Brith Bergum ettersom det er eit begrenset antal plasser.

Undervisningsstad

Kjernefasilitet for flow cytometri, Klinisk institutt 2, Laboratoriebygget 5. etasje
Krav til forkunnskapar

Kjennskap til programmert celledød (apoptosis) og cellesyklus.

Erfaring med elementære laboratorieteknikkar slik som pipettering og sentrifugering.

Tilrådde forkunnskapar
Biologi eller molekylærbiologi på bachelornivå
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Kurset vert gjennomført ved minst 4 registrerte studentar, samt ei øvre grense på 10 studentar.

Emneansvarleg Brith Bergum avgjer kven som kan delta.

Arbeids- og undervisningsformer
23 x 1 times førelesing/seminar, 17 x 1 time praktisk opplæring
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltakelse på alle eksperimentene er obligatoriske
Vurderingsformer
Munnleg presentasjon av resultatene og skriftleg laboratorierapport (inndelt i introduksjon, materiell og metodar, resultat, diskusjon). Begge skal godkjennast av kursleiar.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Flow cytometry - A Basic Introduction, Wiki version; Michael Ormerod.
Emneevaluering
Etter kvart kurs
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Det medisinske fakultet
Administrativt ansvarleg
Thea Midtun (thea.midtun@uib.no)
Institutt

Bergen Research School in Inflammation, Broegelmanns Forskningslab,

Klinisk institutt 2 ved det Medisinske Fakultet.