Hjem
Studentsider
PhD-kurs

Molecular and Cellular Methods in Immunology

  • Studiepoeng8
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeHUIMM906A
  • Ressursar

Hovedinnhold

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk

Kursinnhald

Studentane skal bli kjente med metodar som blir brukte i immunologisk forsking.

Kurset blir undervist over ein 4-vekers periode, studentane skal levera ein grundig rapport i vitskapleg format av forskinga som er utført.

Veke 1 (40 timar): Uavhengige studiar av kursmaterialet, inkludert protokollar og bakgrunnsmateriale.

Veke 2 og 3 (80 timar): Seminar kor studentane blir introduserte for kjernemetodane, og det blir ein open diskusjon av materialet. I tillegg praktisk laboratoriearbeid kor studentane vil få praktisk erfaring med metodane frå veke 1. Den praktiske delen av emnet vil gi studentane ei djupare forståing av metodane introdusert i den teoretiske delen av emnet.

Veke 4 (40 timar): Studentane vil behandla forskingsresultata frå veke 2 og 3. I tillegg vil kvar student få tildelt ein vitskapleg artikkel. På slutten av veke 4 vil studentane delta på eit kollokvium der dei skal presentera og diskutera resultata og konklusjonane frå veke 2-3. Vidare vil studentane halda ein presentasjon om det tildelte artikkelen.

For å få vurdering må studenten levera ein grundig rapport av forskinga som er utført (oppsummering av 4 vekers materiale), i eit vitskapleg format. Studenten må vise ei djup forståing av metodane som blir brukt, resultata som blir generert og sette dei i samanheng med tidlegare arbeid.

Teoretisk del:

  • Kursmateriell vil bli utlevert.
  • Kursleiarane vil gi ei teoretisk innføring i nokon av dei vanlege immunologiske metodane.
  • Studentkollokvium: Studentane presenterer og vurderer sine og resultata kvarandres kritisk og presenterer og evaluerer ein forskingsartikkel kvar.

Praktisk del:

  • Utrekning av molariteter, førebuing av bufferar.
  • Isolering av leukocytter frå blod ved hjelp av tettleiksgradient -sentrifugering. Isolering og dyrking av monocytter (cellekultur), in vitro -generering av makrofager.
  • Western blot -analyse av signalvegar ved bruk av stimulerte celler.
  • ELISA- Kvantifisering av cytokiner produsert av cellene.
  • Immunfarging- Visualisering ved bruk av fluorescerande merket sekundært antistoff.
  • Kvantifisering av kopinummer ved bruk av PCR: Samanlikning av standard PCR med kvantitativ sanntids PCR.

Studiepoeng

8 studiepoeng

Formelle krav

Vurderingsform

Munnleg presentasjon av artiklar og resultat, i tillegg til den skriftlege laboratorierapporten (samansett av introduksjon, materiale og metodar, resultat og diskusjon).

Både munnlege presentasjonar og skriftleg lab-rapport må godkjennast av kursleiar.

Kven kan delta

PhD-kandidatar.

Det er inga direkte registrering for dette kurset. Du som ønsker å delta må kontakta Richard Davies, då det er eit avgrensa antal plassar.

Utfyllande informasjon

Program

  • Artiklar, lærebok (40 timar).
  • Teoretisk introduksjon til laboratoriet (8 timar).
  • 10 dagar i laboratoriet (60 timar) og kollokvium (8 timar).
  • Førebuing til kollokvium (40 timar)
  • Utarbeiding av rapportar (3 veker - 120 timar)

Kontaktinformasjon

Richard Davies (Richard.davies@uib.no)

Administrasjon: christina.flornes@uib.no

Kjernelitteratur

Vil bli annonsert, sjå Mitt UiB.

Kontakt