Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Algoritmar, datastrukturar og programmering

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeINF102
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gir ei innføring i grunnleggjande algoritmar, som sortering og kortaste sti. Sentralt står bruken av datastrukturar i dei studerte algoritmane, i tillegg til analyse av tids- og plassforbruket. Praktisk programmering er ein viktig del av kurset.

Læringsutbyte

Ved fullført emne INF102 skal studenten kunne: 

  • forstå og programmere dei klassiske algoritmane for dei mest grunnleggjande problem innan informatikk
  • programmere og bruke ulike datastrukturar, og vere i stand til å avgjere kva datastrukturar som egnar seg til kva problem og algoritmar.
  • vere i stand til å kjenne igjen nye problem som egnar seg til å verte løysa med dei metodane ein har lært på kurset, og å utlede nye algoritmar for likande problem
  • analysere køyretida til algoritmar og vere i stand til å vurdere om ei algoritme er effektiv eller ikkje

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på INF101 og MNF130

Studiepoengsreduksjon

I120: 10 studiepoeng

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.

Arbeids- og undervisningsformer

To dobbeltforelesingar og to timars gruppearbeid per veke. I tillegg ein dobbeltime med gjennomgang av oppgåver.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Se meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.

Både de obligatoriske arbeidskrava og eksamen må vere bestått for å få godkjent eksamen i emnet.

Ingen lovlege hjelpemiddel.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

I120: 10stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studierettleiar på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    28.02.2018, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    14.02.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted