Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i operativsystem

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål: Emnet har som mål å gi studentane ei innføring i datamaskinar og operativsystem. Hovedfokus er på korleis operativsystem gir ein abstrakt grenseflate mot maskinvara.

Ei viktig del av emnet er praktisk erfaring i skallprogrammering, og grunnleggjande ferdigheiter i å programmere maskininstruksjonar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten:

  • Har ei oversikt over kjernekomponentane og strukturen til maskinvara i datasystem
  • Har kjennskap til korleis operativsystem handterer maskinressursar som til dømes minne, CPU og nettverk
  • Har kjennskap til korleis operativsystem gir dataprogram ein abstrakt grenseflate mot maskinvara
  • Har ei oversikt over forskjellige operativsystem
  • Har ei oversikt over korleis filsystem i Linux-basert operativsystem er strukturert
  • Har kjennskap til grunnleggjande assembler-instruksjonar
  • Har kjennskap til korleis prosessar i eit operativsystem kommuniserer

Ferdigheiter:

Studenten:

  • Kan formålstenleg bruke fleire typar operativsystem
  • Kan automatisere oppgaver ved hjelp av skript
  • Kan lese enkle assemblerkodar

Generell kompetanse:

Studenten:

  • Kan diskutere korleis datasystem fungerer på maskinvare-, operativsystem-, og programvarenivå
  • Kan nytte kunnskap og ferdigheiter om maskinar og operativsystem i forskjellige bruksområde

Krav til forkunnskapar

INF100

Tilrådde forkunnskapar

INF140

Studiepoengsreduksjon

DAT103 (HVL): 10 stp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Fire timer førelesning i veka.

Ein arbeidsgruppe i veka.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester: det semesteret dei er godkjente og det påfølgande semesteret.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg eller Digital skriftleg eksamen (3 timar)
  • Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren

Hausten 2021 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

Skriftleg digital skuleeksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar

Tlf 55 58 42 00

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    10.12.2021, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    26.11.2021
    Andre opplysninger
    Hausten 2021 er det følgande endringar i vurdering i emnet: Skriftleg digital skuleeksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus.
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen