Funksjonell programmering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Eit funksjonelt program består av definisjonar av funksjonar. Programmet sin effekt er bestemt av input-output oppførselen til desse funksjonane. Funksjonell programmering er eit sentralt eksempel på det deklarative paradigmet, der eit program har ein dual tolking i tillegg til den operasjonelle, nemleg som ein formel med statisk meining uavhengig av nokon overgangar mellom programtilstandar. Eksekvering av eit program svarar då til denne deklarative tolkinga. Dette støttar utvikling og vedlikehald av korrekte program. I emnet tileignar ein seg grunnleggande konsept frå det funksjonelle paradigmet ved programmering i eit funksjonelt språk (til dømes Haskell).

Læringsutbyte

Kunnskapar
Studenten:

  • kjenner til dei grunnleggjande omgrepa:
    • rekursjon
    • høgre ordens funksjonar
    • ikkje-muterbare datastrukturar
  • konstruksjonane i eit utvald funksjonelt programmeringsspråk

 
Ferdigheiter
Studenten:

  • kan utvikle enkle funksjonelle program


Generell kompetanse

Studenten:

  • kan diskutere funksjonell programmering med andre
  • kjenner til skilnaden på imperativ og funksjonell programmering
  • kan bruke sine kunnskapar og programmeringsferdigheiter på ulike område og bidra til innovasjon

Fulltid/deltid

Fulltid

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein føremon å kjenne til eit imperativt språk, til dømes frå emnet INF100 eller INF109.
Studiepoengsreduksjon
INF121: 5 SP, INF121A: 5 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesning/ 4 timar pr. veke
Øvelser/ 2 timer pr. veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan vere digital (på datamaskin). Du finn meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Både dei obligatoriske arbeidskrava og eksamen må vere bestått for å få godkjent eksamen i emnet.

Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.