Funksjonell programmering
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeINF122
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Eit funksjonelt program består av definisjonar av funksjonar. Programmet sin effekt er bestemt av input-output oppførselen til desse funksjonane. Funksjonell programmering er eit sentralt eksempel på det deklarative paradigmet, der eit program har ein dual tolking i tillegg til den operasjonelle, nemleg som ein formel med statisk meining uavhengig av nokon overgangar mellom programtilstandar. Eksekvering av eit program svarar då til denne deklarative tolkinga. Dette støttar utvikling og vedlikehald av korrekte program. I emnet tileignar ein seg grunnleggande konsept frå det funksjonelle paradigmet ved programmering i eit funksjonelt språk (til dømes Haskell).
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten:
kjenner til dei grunnleggjande omgrepa:
- rekursjon
- høgre ordens funksjonar
- ikkje-muterbare datastrukturar
- konstruksjonane i eit utvald funksjonelt programmeringsspråk
Ferdigheiter
Studenten:
- kan utvikle enkle funksjonelle program
Generell kompetanse
Studenten:
- kan diskutere funksjonell programmering med andre
- kjenner til skilnaden på imperativ og funksjonell programmering
- kan bruke sine kunnskapar og programmeringsferdigheiter på ulike område og bidra til innovasjon
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein føremon å kjenne til eit imperativt språk, til dømes frå emnet INF100 eller INF109.
Studiepoengsreduksjon
INF121: 5 SP, INF121A: 5 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesning/ 4 timar pr. veke
Øvelser/ 2 timer pr. veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan vere digital (på datamaskin). Du finn meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.
Både dei obligatoriske arbeidskrava og eksamen må vere bestått for å få godkjent eksamen i emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Merk våren 2022 er følgende hjelpemidler på eksamen tillatt: Alle trykte og skrevne
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen
- Dato
- 24.02.2023, 09:00
- Varigheit
- 3 timer
- Trekkfrist
- 10.02.2023
- Sensur kunngjøres
- 16.03.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 4. etg.