Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Introduksjon til datatryggleik

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeINF140
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervist fyrste gong våren 2020.

Mål og innhald

Mål:
Emnet tek sikte på å gje ein introduksjon til og eit oversyn over omgrepa sårbarheit, truslar, og mekanismar for å trygge datasystem og datanettverk.

Innhald:
Menneskelege, organisatoriske og regulatoriske aspekt, herunder risikostyring, lov og regulering, samt menneskelege faktorar, personvern og nettverksretter; Åtak og forsvar, inkludert skadevare og åtaksteknologiar, oppdaging og handtering av tryggleikshendingar, og etterforsking av hendingar; Systemtryggleik, inkludert kryptering, operativsystem og virtualiseringstryggleik, distribuert systemtryggleik, samt autentisering, autorisasjon og ansvarlegheit; Programvare- og plattformtryggleik, inkludert programvaretryggleik, web- og mobil tryggleik, sikker programvaredesign og utvikling; og infrastrukturtryggleik, inkludert nettverkstryggleik, maskinvaretryggleik, tryggleik for cyber-fysiske system og tryggleik i fysisk lagring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal

  • kunne beskrive typiske truslar mot moderne digitale system og å skissere teknikkar for forsvar mot ein kvar trussel.
  • kunne beskriva fundamentet for moderne kryptografi
  • kunne beskriva populære mekanismar og protokollar for tryggleik i datasystem og nettverk
  • vera merksame på vanskane med å løysa problem rundt tryggleik

Ferdigheiter

Studenten er i stand til

  • Innhente nye mekanismer for tryggleik på kort tid
  • diskutera, uformelt og semiformelt, aspekt rundt tryggleik, slik det er beskrive i emnet, med partnarar
  • identifisera tryggleiksoppgåver som må handterast av eksperter

Generell kompetanse

Studenten

  • er kjent med nye idear og innovasjonsprosessar,
  • kan utveksla meiningar med andre med relevant bakgrunn og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

INF100 er sterkt tilrådd. MNF130 (kan tas parallelt), MAT121 (kan tas parallelt) er tilrådd.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar / 4 timar pr. veke

Førelesningar / 13 veker

Øvelser: 2 timer i uken

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg eksamen eller Digital skriftleg eksamen (3 timar). Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar

Tlf 55 58 42 00