Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Modellering og optimering

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tar utgangspunkt i problemstillingar innan naturvitskap, teknikk og økonomi der målet er å fordele knappe ressursar på konkurrerande og/eller samarbeidande aktivitetar på ein best mogleg måte. Matematisk formulering av slike problem er hovudinnhaldet i emnet. Ein studerer lineære modellar, heiltalsmodellar, nettverk og enkle ikkje-lineære modellar. I labratorieøvingar inngår bruk av modelleringsspråk for praktisk implementasjon av modellane.

Læringsutbyte

Ved fullført INF170 Modellering og optimering skal studenten kunne

  • forklare kva eit optimeringsproblem er
  • gjere greie for dei grunnleggjande eigenskapane til eit optimeringsproblem
  • beskrive ulike typar lineære optimeringsproblem
  • formulere og løyse enkle matematiske modellar for optimal tildeling av knappe ressursar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på grunnkurs i matematikk eller MNF130

Studiepoengsreduksjon

I170: 10 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Se meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Lovlege hjelpemiddel vert kunngjorde på Mitt UiB i starten på kvart semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studieveileder@ii.uib.no på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    20.02.2023, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    06.02.2023
    Sensur kunngjøres
    06.03.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted