Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Sosial nettverksteori

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeINF207
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Engelsk om kun engelskspråklege studentar deltek
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust. I oddetallsår nytter du koden INFO207 for oppmelding til emnet.

Mål og innhald

Mål:
Emnet gjev eit oversyn over korleis teoretiske rammeverk frå ulike fagområde kan nyttast til å modellere og analysere komplekse sosiale nettverk. Sosial nettverksteori hjelper oss å forstå strukturen i ulike sosiale nettverk, korleis dei utviklar seg, korleis kommunikasjon i sosiale nettverk går føre seg, og korleis nettverk dannar grunnlag for samhandling. Nettverksomgrepet er sentralt i mange fag, blant anna økonomi, sosiologi, informatikk, informasjonsvitskap og matematikk. Ei tverrfagleg tilnærming til sosiale nettverk gjev moglegheit for å analysere fellestrekk ved tilsynelatande ulike fenomen, frå korleis informasjon, meiningar og oppførsel spreiar seg i elektroniske sosiale nettverk til korleis epidemiar og finansielle kriser utviklar seg til korleis søkjemaskinar nyttar lenkene mellom nettsidar for rangering av sider i eit nettsøk. Dei store datamengdene i applikasjonane i dag gjer at effektive algoritmar må nyttast.

Emnet vert undervist i samarbeid mellom Institutt for informasjons- og medievitskap og Institutt for informatikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • demonstrere kunnskap om teoretiske modellar, omgrep og resultat relatert til modellering og analyse av sosiale nettverk, utvikla i fleire fagdisiplinar.
  • gjengje og forklare dei viktigaste matematiske modellane for sosiale nettverk og sosial samhandling, samt relaterte omgrep.
  • gjengje og forklare de viktigaste vitskaplege resultata relaterte til slike modellar.
  • nytte ulike teoretiske verktøy for å analysere sosiale nettverk.
  • velje ein passande matematiske modell for å lage ein abstraksjon av ein gitt type fenomen i eit gitt sosialt nettverk, og kunne nytte omgrep og teknikkar for å analysere slike modellar.
  • demonstrere ei grunnleggjande forståing av relaterte matematiske modellar og omgrep frå fleire ulike fagdisiplinar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

www.uib.no/emne/INFO102www.uib.no/emne/INFO102

INFO102 eller MNF130 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

INFO207: 10 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

To dobbeltforelesingar og to timar gruppearbeid per veke.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Du finn meir informasjon på: https://www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studieveileder@ii.uib.no på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    23.02.2023, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    09.02.2023
    Sensur kunngjøres
    07.03.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted