Informatikkprosjekt I
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeINF219
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Ikkje regelmessig. Avhenger av tilgangen på prosjekt.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Eit prosjektarbeid skal definerast og gjennomførast saman med rettleiar frå Institutt for informatikk. Dette prosjektet vil vere ei programmeringsoppgåve for ein klient som vil ha utvikla ei løysing. Merk at det er få definerte prosjekt å velja mellom, men at det er og er råd å foreslå prosjekt for rettleiaren. Tilgjengeleg prosjekt vert annonsert på Mitt UiB for INF219 sida. Spørsmål om aktuelle prosjekt kan rettast til
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kjenner til
- Grunnleggjande strategiar for prosjekt- og tidsstyring
- grunnleggjande strategiar for praktisk samarbeid i team
effektive metodar for skriving og presentasjon
Ferdigheiter
Studenten kan
- delta i et programmeringsprosjekt
- Bidra til den skriftlege dokumentasjonen av eit prosjektarbeid i form av ein teknisk rapport
- Munnleg presentasjon av eit prosjektarbeid som studenten har delteke i
Generell kompetanse:
Studenten kan
- kommunisere effektivt med medlemmer av eit team
- Kommunisere effektivt både munnleg og skriftleg til andre
- arbeide med problemløysing i team
Krav til forkunnskapar
Minimum 60 studiepoeng i informatikk
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Grupper, førelesingar, presentasjonar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg rapport og munnleg presentasjon av prosjektet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått
Vurderingssemester
Same som undervisningssemester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12.for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.