Hjem

Utdanning

Masteremne

Programvarespesifikasjon

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeINF220
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master/ph.d.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:
Emnet gjev innsikt i formell spesifikasjon av programvare, domeneanalyse og -organisering.

 Innhald:
Emnet gjev ei innføring i metodar for spesifikasjon av programvare. Det vert lagt vekt på bruk av abstraksjon i spesifikasjon, utvikling av domeneforståing og programvare.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

  • kan definere dei viktigaste omgrepa i spesifikasjonsteorien,
  • kan bevise dei viktigaste teorema, og
  • kjenner standardspesifikasjonar av mange formelle omgrep.

 Ferdigheiter
Studenten

  • beherskar ein spesifikasjonsformalisme,
  • kan foreta domeneanalyse og -organisering,
  • kan bruke algebraiske metodar til spesifikasjon av programbibliotek, og
  • kan validere implementasjonar av slike spesifikasjonar.

Generell kompetanse
Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver innan formell spesifikasjon og domeneanalyse, aleine og som deltakar i ei gruppe,
  • kan innanfor fagområdet formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer, og
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MNF130, INF112, INF122

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet https://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gjevast i form av førelesningar, laboratoriegrupper, kollokvium, sjølvstudium, individuelle oppgåver og lagarbeidsoppgåver, til saman ca. 270 studietimar.

Inntil 6 timar per veke i 13 veker med organiserte førelesningar og laboratoriegrupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske øvingar som må vere bestått.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to påfølgjande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • Munnleg eksamen. Dersom det er fleire enn 20 deltakarar vil det bli skriftleg eksamen, 3 timar. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen ved munnleg eksamen.
Eclipse med emnet si programvare installert ved skriftlig eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar

Tlf 55 58 42 00

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.11.2018